Hopp til innhold

Brudeferda på Kongevegen

Laurdag var det duka for eit historisk bryllaup på Kongevegen i Lærdal. Aust møtte vest – i dobbel betydning.

Brudeferda på Kongevegen

HISTORISK BRYLLAUP: Steinar Semmingsen (34) og Sigrid Rudningen Hafslund (39) vart det første paret som gifta seg på Kongevegen i Lærdal.

Foto: Odd Helge Brugrand

Laurdag gav Sigrid Rudningen Hafslund (39) og Steinar Semmingsen (34) kvarandre eit «JA» på Kongevegen over Filefjell. Dei er det første paret i historia som har gifta seg her.

Det historiske bryllaupet fann stad i biletskjønne Vindhellaskaret på Kongevegen.

Kongevegen over Filefjell var den første køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet. I godt over 100 år var Lærdal einaste vegbindeleddet mellom aust og vest. Slik skapte Kongevegen nye møte mellom menneske. På marknadane på Kyrkjestølen og Lærdalsøyri fann folk kjærleiken.

Historia gjentok seg då Sigrid frå vest og Steinar frå aust fekk kvarandre på Kongevegen.

– Vi har eigentleg ikkje feira så mykje tidlegare. Vi har vore saman i elleve år og har tre barn. No synest vi det var på tide å gifte seg og ha ei skikkeleg familiefeiring, seier Sigrid.

Det nygifte paret er begge utdanna landskapsarkitektar og møttest under studietida ved NMBU på Ås. Sigrid hadde eit ynskje om å ha bryllaupet på heimstaden sin.

Brudeferda på Kongevegen

FAMILIEFEIRING: Den næraste familien til ekteparet var samla i Lærdal for å vere med i det historiske bryllaupet.

Foto: Odd Helge Brugrand

– Eg begynte å tenkje over kor dei finaste stadane eg visste om var. Då var eigentleg Vindhella det naturlege valet, seier 39-åringen.

Veghistorisk kulturminne

I dag vert Kongevegen over Filefjell rekna blant dei finaste veghistoriske kulturminna i Europa.

Vegen er bygd for hand med enkle reiskap i ei tid der dynamitten ikkje var teken i bruk. Vegen går frå det tronge og dramatiske fjordlandskapet inst i Sognefjorden via høgfjellet på Filefjell og ned til innlandsbygdene i Valdres.

Selskapet fann stad på nyrestaurerte Husum hotell, ikkje langt ifrå det populære kulturminnet.

– Det var utruleg vakkert. Ei perfekt ramme for dagen. Vi hadde eit lite selskap med næraste familie. Kongevegen er berre ein spasertur vidare derifrå, fortel ho.

Brudeferda på Kongevegen

SOM EIT POSTKORT: Ei brudeferd i vakre omgjevnader nedover dei svingete vegane på Kongevegen.

Foto: Odd Helge Brugrand

Kongevegen var eit naturleg val for paret. Brura er frå Borgund i Lærdal og har vakse opp med kulturminnet som slynger seg på høge murar gjennom heimbygda. Brudgommen jobbar i Statens vegvesen og har veg som yrke og interesse. Fleire i slekta til brudgommen frå Østerdalen hadde aldri vore i Lærdal før.

– Å kunne ta dei med over Kongevegen og vise fram bygda var veldig flott, seier brura.

I samband med restaureringa av Kongevegen som vart sluttført i 2016, vart det arrangert eit uekte bryllaup for å gjere stas på den høgtidelege gjenopninga av vegen.

Det nygifte paret er no tilbake til heimstaden på Lillehammer, der kvardagen ventar. Sigrid skal tilbake i jobb etter permisjon og minstemann i familien skal byrje i barnehage.

– Bryllaupsreisa er sett litt på vent, seier Sigrid og ler.

Eit bindeledd mellom aust og vest

Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim (Sp) fekk æra av å vigsle paret.

Brudeferda på Kongevegen

ÆREFULLT OPPDRAG: – Det var ei ære, sa Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim om å få lov til å vigsle paret på Kongevegen.

Foto: Odd Helge Brugrand

– Korleis var det å få vigsle det første paret i historia som har gifta seg på Kongevegen?

– Det var ei ære. Veldig moro! Det var eit fantastisk val av stad, seier Solheim.

Han nølte ikkje med å takke ja då brudeparet tok kontakt med Lærdal kommune for å planlegge den historiske dagen.

– Kongevegen vart eit bindeledd mellom aust og vest. Historia gjentok seg no ved at brura er frå vest og brudgommen frå aust. Kva tenkjer du om det?

– Ja, det synest eg er artig. Det er fint med tanke på den historiske betydninga. Det er også litt morosamt at dei valde å gifte seg nokolunde på midten, seier han.

Du håpar kanskje på fleire slike bryllaup no?

– Ja, det var veldig vellukka, seier han og legg til:

Alle som vil får komme til Lærdal og gifte seg på Kongevegen.