– Mangelen på kunnskap kan føre til handlingslamming. Informasjonen kan fort verte forskjellen på liv og død, seier Rune Wiggo Johnsen i Trøndelag brann- og redningsteneste.
Med 350 000 el- og hybridbilar på landevegen slit mange med å forstå korleis dei skal sløkke dei batteridrivne bilane. No reiser Johnsen landet rundt for å demonstrere korleis ein skal sløkke brannen på ein effektiv måte.
Dei siste åra har elbilar fleire gonger vore i media sitt søkjelys då batteriet på bilen vert av enkelte sett på som ekstra brannfarleg og eksplosivt. Johnsen meiner at dette skuldast manglande kunnskap.
– Det er vel gjerne slik med det som er nytt. Ein er usikker og dannar seg idear. Batteria på elbilane, som mange også er bekymra over, oppheld seg også i ein lukka container inne i bilen og er skjerma der.
– Ein utfordrande situasjon
Administrerande direktør Rolf Søtorp i brannvernforeninga bekreftar at det er eit manglande kunnskapsnivå rundt korleis brannvesenet skal handtere elbilane.
– Dette har vore i bekymring over lang tid. Det har vore ein vanskeleg situasjon lenge.
Søtorp meiner at arbeidet Johnsen legg ned er heilt essensielt, då auken av batteridrivne bilar berre held fram.
– Eg trur fleire i brannvesenet heng etter. Men med meir informasjon og gode metodar vil dette verte handtert meir effektivt, seier han.
FÅR NY KUNNSKAP: – Mangelen på kunnskap kan føre til handlingslamming, seier Rune Wiggo Johnsen i Trøndelag brann- og redningsteneste.
Foto: Truls KleivenHøg prioritet
Eit auka fokus på kunnskap er også viktig for Direktoratet for Beredskap og Sikkerheit (DSB). Fungerande direktør Ann Christin Olsen-Haines seier dei er i tett dialog med både redningsvesenet og bilbransjen for å auke sikkerheita rundt elbil-brannar.
– Statistikk me sit på no, tilseier ikkje at elbilar er meir brannfarleg enn andre bilar.
Ho erkjenner likevel at det er viktig å rette fokus på at bilane brenn på ein litt annleis måte.
– Elbilar krev gjerne alternative sløkkemetodar enn ein vanleg bil, seier ho.
SLØKKING: Her øver brannfolka seg på å sløkke brannen i elbilen.
Foto: Truls Kleiven