Tunnelen er ein av tunnelane utan naudnett-dekning, men med hjelp av ein brannbil med radioterminal fekk dei sett opp eit lokalt naudnett.
– Slik kunne dei kommunisere med kvarandre på heile innsatsområdet. Dette var ei viktig årsak til at aksjonen vart vellukka, seier DSB-direktør, Cecilie Daae.
Nyoppretta pris
13 personar vart sendt til sjukehus etter at ein spylebil byrja å brenne i tunnelen mellom Fjærland og Skei i Jølster. Grunna arbeid i tunnelen vart trafikken sleppt kolonnevis igjennom.
- Les også: – Det var fullt av røyk og heilt kaos
I dag fekk Sogn brann og redning DSB sin nyoppretta pris, Nødnettpris, for innsatsen dei la ned. Målet med prisen er å inspirere andre til øve på moglegheitene i naudnettet.
– Dette er ei blanding av veldig god kunnskap, trening og kreativitet, seier Daae om løysinga som Sogn brann og redning kom fram til.
Oppretta dekning i tunnelen
Brannsjef Vidar Trettenes tok imot prisen på vegner av Sogn brann og redning. Han er glad for merksemda dei no har fått for arbeidet som blei gjort.
– Vi får vel den fordi vi har tatt i bruk ein del av dei moglegheitene som naudnettet gir oss. At vi kan kommunisere på denne måten er ein tryggleik for alle, seier Trettenes.