Hopp til innhold

Brann susar mot nedrykksstriden etter nok eit Mjøndalen-mareritt

Sidan sist Brann slo Mjøndalen har Bill Clinton blitt vald til amerikansk president, Noreg hatt EU-avstemming og mobiltelefonen blitt allemannseige.

qUYCoBgQoRE

MÅL: Isaac Twum lurer 2-0-skåringa forbi Håkon Opdal i Brann-buret.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Laster innhold, vennligst vent..

Rett før kvarteret var spelt av kveldens kamp mellom Mjøndalen og Brann på Consto Arena, greidde vertane å setja ballen i mål.

Martin Rønning Ovenstad skåra etter eit innøvd frisparktrekk. Vetle Dragsnes slo ballen hardt og lågt mot straffefeltet, der Ovenstad hadde sprunge seg fri, og kunne setja ballen i motsett kryss.

Etter 37 minuttar var det igjen Mjøndalen sin tur til å setja ballen i mål. Denne gongen var det Isaac Twum som sette ballen mellom stengene etter mykje klabb og babb i feltet.

Sjølv om Brann heldt mykje i ballen i fyrst omgang, fekk dei ikkje til å skapa så mykje.

Andre omgang hadde ikkje like mange hendingar, men til glede for Brann-tilhengarane greidde nysigneringa Sander Svendsen å skapa mykje då han fekk sin debut for Brann etter pausen.

Ole Didrik Blomberg for Brann mot Mjøndalen 17.10.20

NYKOMAR: Ole Didrik Blomberg fekk sin fyrste kamp frå start mot Mjøndalen.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Føyer seg inn i ein lang statistikk

Verken Sportsklubben Brann eller Mjøndalen har hatt ein spesielt god sesong i Eliteserien i år.

Etter kveldens kamp har Brann teke 23 poeng, og ligg for augneblinken på 11.-plass på tabellen. Dei har ikkje vunne på sju kampar. Mjøndalen på si side ligg på nedrykksplass med ni serierundar att å spela.

Nokre sigrar har bruntrøyene likevel teke. Deira siste siger før i dag var mot Brann i 14. runde i august.

Faktisk har ikkje Brann vunne over Mjøndalen sidan 1992.

For mange Brann-fans er det enno hjarteskjerande å tenkja på playoffen i Eliteserien hausten i 2014, då Mjøndalen sende Brann ned i OBOS-ligaen.

Tapet mot Mjøndalen i august var også Kåre Ingebrigtsen sin fyrste kamp som trenar for Brann. Sidan har han vunne ein kamp. Brann er det laget som har teke nest minst poeng dei siste fem serierundane, berre slått av Ålesund.

Sundag har Brann invitert pressa til stadion, for å koma med ein annonsering. Enno er det ikkje kjent kva dei skal annonsera, men det har vore spekulert i at Eirik Horneland blir Kåre Ingebrigtsen sin nye assistent.

N8Oso4M689A

FRUSTRERT: Kristoffer Barmen fekk ikkje ballen i mål under kveldens kamp på Consto Arena.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB