Fristen for overgangen var midnatt. FIFA fekk papira 23.59.59

Etter to dagar i uvisse er det klart: Sander Svendsen sin overgang frå Odense til Brann er godkjent. NFF meiner det er verdsrekord.

Eliteserien fotball 2019: Odd - Ranheim (1-0).

KLAR FOR BRANN: Sander Svendsen er klar for bergensarane.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix

Det stadfestar Brann i ei pressemelding.

Overgangsvindauget gjekk ut ved midnatt til tysdag, og innan den tid måtte Brann levere inn alle relevante papir.

Sidan Svendsen spelte i danske Odense, og det dermed var ein internasjonal overgang, måtte papira også inn i systema til det internasjonale fotballforbundet (FIFA).

Mogeleg verdsrekord

I pressemeldinga skriv Brann at papira blei lasta opp til NFF klokka 23.59.31. Desse blei lasta vidare til FIFA klokka 23.59.59, akkurat i tide.

– Det går ikkje an å få det tettare opp mot ein frist. NFF seier vi har sett ei uslåeleg verdsrekord, ler Soltvedt når NRK ringer.

Sjølv var han heile tida sikker på at han heldt fristen.

– Ved midnatt gjekk FIFA-systemet ned, men eg visste vi var innanfor, seier han.

NFF seier til NRK at det ikkje er mogleg å legga ein overgang tettare opp mot fristen.

– Hadde den blitt fullført eitt sekund seinare ville den ikkje blitt godkjent. Så dette er ein rekord det berre er mogleg å tangere, og ikkje slå, seier fagansvarleg for overgangar i NFF, Kristian Skjennum til NRK.

Rune Soltvedt, sportssjef Brann

NØGD: Sportsleg leiar i Brann, Rune Soltvedt, er nøgd med signering og verdsrekord. Her avbilda i ei anna anledning.

Foto: Therese Pisani / NRK

– Ein spelar vi treng

Sander Svendsen har spelt i Molde, Hammarby, Odd og seinast Odense. Han kan spele i fleire posisjonar framme på bana.

Brann ligg på 10.-plass etter 20 rundar, fem poeng over kvalikkplass. I sommar har dei henta midtstoppar Jón Fjóluson, back Ole Didrik Blomberg, midtstoppar Vegard Skeie og kantspelar Mathias Rasmussen.

Førre veke selde dei toppscorar Gilbert Koomson til tyrkiske Kasimpasa.

Soltvedt er svært nøgd med nysigneringa.

– Det kjem ein ung angrepsspelar som kan levere målpoeng. Det er absolutt ein spelar vi treng no inn mot dei ti siste kampane, iallfall i lys at vi har seld Gilbert Koomson, seier Soltvedt til NRK.

Låneavtala varar ut sesongen. Soltvedt vil ikkje opplyse om Brann har sikra seg opsjon på kjøp.