Brann stadfestar fredag at den færøyske landslagsspelaren har fått påvist covid-19.
Onsdag melde klubben at Rólantsson var sendt i isolasjon etter at han hadde utvikla lette luftvegssymptom.
– Gilli har gjort alt riktig
Då hadde 28-åringen allereie vore i karantene etter at han hadde vore i nærkontakt med ein person som hadde testa positivt på viruset.
No viser resultatet at Rólantsson sjølv er smitta.
– Det er utruleg keisamt for Gilli, men han har gjort alt riktig i situasjonen han har hamna i. Han har varsla Brann tidleg om kontakten med personen som var smitta, og sidan har han vore i karantene heime. Då han fekk symptom, blei han isolert, seier lege i brann, Magnus Myntevik.
– Difor er det ingen risiko for at smitten har spredt seg til andre spelarar i troppen.
Har vore i karantene
Landslagsspelaren har ikkje vore på Stadion eller i kontakt med nokon av spelarane sidan han var i kontakt med den smitta personen.
Rolantsson vart smitta i Bergen, og klubben meiner å ha kontroll på korleis han vart sjuk.
No skal han vera i isolasjon til han blir frisk igjen. Før han kan trena med laget igjen må han ha vore symptomfri i tre dagar.
– Formen hans er god. Han trener for seg sjølv og føler at han snart er klar for å komme tilbake på fotballbana.
Gilli Rolantsson ønskjer ikkje å snakka med media om situasjonen.