Hopp til innhold

Elevar på denne skulen må ta i bruk toalett som klasserom

Kopirom og toalett er tekne i bruk som klasserom på skulen. No har foreldra fått nok.

Storebø skule

UNDERVISNING: Dette rommet, som både har toalett og vask, er mellom dei romma som no er tekne i bruk som undervisningsrom.

Foto: Leif Rune Løland

I Austevoll kommune i Vestland har om lag 40 elevar på Storebø skule hatt brakkeskule i halvanna år.

Inneklimaet i brakkene er ikkje godkjent, og helsestyremaktene har førehandsvarsla stenging av bygget.

– Dette er ikkje haldbart, og eg vil ikkje at nokon barn skal ha undervisning under slike forhold, seier leiar i FAU ved skulen, Patrycja Sæle.

Storebø skule - brakker

Brakkene har stått her i om lag halvanna år. Dei var ikkje av den kvaliteten som kommunen venta seg. No er ny prosess i gang.

Foto: Leif Rune Løland

Fekk dårlege brakker

Problema starta tilbake i 2016. Storebø skule var då akkurat ferdig utvida for å romma elevtalet der. Men same året vedtok politikarane å legga ned Trolandshamar skule på Hundvåkøy. 100 elevar vart då flytta over til Storebø skule, som dermed igjen vart full.

Vidare utbygging vart planlagt.

– Ganske tidleg fekk me signal om at skulen var for liten, fortel ordførar i Austevoll kommune Morten Storebø (H).

I fjor vart dei to sjuandeklassane plasserte på ein brakkerigg ved skulen. Ordføraren meiner situasjonen er uheldig.

– Desse brakkene har ikkje hatt den kvaliteten me forventa, seier han.

Mikkel Hatlevik - storebø skule

Elevrådsleiar Mikkel Hatlevik fortel at dei ofte er slitne og trøytte i hovudet av dårleg luft.

Foto: Leif Rune Løland

Har gøymt toalettet

Inne i brakkene er det lågt under taket, og dårleg med plass.

– Me vert fort trøytte og slitne i hovudet, seier elevrådsleiar Mikkel Hatlevik.

Han går i 7. klasse som har fått plass i brakkeriggen.

Andre stader på skulen er alle moglege rom tekne i bruk til undervisning.

I hovudbygget viser avdelingsleiar Tomas Reikvam NRK eit trongt kopirom utan vindauge. Det blir brukt som grupperom. Det er så vidt plass til stolane rundt dei fire pultane.

Storebø skole

Storebø skule er ein av to barneskular i Austevoll kommune.

Foto: Leif Rune Løland

Eit anna rom er tatt i bruk for norskopplæring for fire framandspråklege elevar.

På eit stort stellebord ligg bøker og anna læremateriell ved sida av ein vask. På den andre veggen står ein stor og merkeleg kasse av finerplater. Reikvam dytter han til side og visar kva kassen skjuler.

– Der er det faktisk ein do, seier Reikvam.

Dette var eigentleg eit toalett?

– Dette var eigentleg eit behandlingsrom for elevar som treng spesiell pleie. Men det er det ikkje plass til no, så då brukar me det til eit grupperom for å få plass til alle elevane som skal ha sine tilbod, seier Reikvam.

Storebø skule, Tomas Reikvam

Avdelingsleiar på Storebø skule, Tomas Reikvam, fortel at fasilitetane i brakkeriggen langt frå er gode nok.

Foto: Leif Rune Løland

Må ha anbodsprosess

Ordføraren innrømmer at planlegginga i samband med skulenedlegginga, utvidinga og flyttinga ikkje var god nok.

Ny anbodsprosess vart sett i gang, og håpet var å ha ei løysing klar før nyttår.

Men brakker til skulebruk er ikkje hyllevare, ifølgje Storebø, og difor var løysinga lenger unna enn dei håpa på.

– No er planen å få på plass nye brakker frå neste skuleår. Utfordringa er å balansera hastverket med krav til anbodsprosessar, og å gjera det skikkeleg, fortel Storebø.

Vidare er planen at nybygg skal vera ferdige og erstatta brakkene i 2025.

Storebø skule

Elevar på Storebu skule.

Foto: Leif Rune Løland

Pengar ikkje eit problem

Austevoll er ein rik fiskerikommune, og både millionærar og milliardærar har adresse der.

Mellom dei som bur der er Helge Olav Møgster. Han er på Kapital si liste over dei 400 rikaste i Noreg.

Ordføraren er klar på at pengar ikkje er eit stort problem i kommuneøkonomien. Men at denne saka handlar om dårleg planlegging, dårlege brakker, og krav til tilbodsprosess.

– Austevoll kommune har god økonomi, og formannskapet har denne veka sagt ja til å løyva 125 millionar til utviding av skulen, fortel ordføraren.

Dei skal i dag gjennomføra CO₂-måling av inneklimaet i brakkeriggen for å svara på kravet frå helsestyresmaktene.

– Me jobbar for å lukka avvika, seier han.

I administrasjonen i kommunen sit oppvekstsjef Bjørn Kristian Bjånesøy. Han har tidlegare vore rektor på Storebø skule.

– Eg må innrømma at eg vart litt forskrekka sjølv når eg såg korleis det stod til, seier Bjånesøy.

Han fortel at dei framleis ikkje har komme skikkeleg i gang med planlegging av det som skal komma ut til slutt.

Nemleg ei permanent utviding av Storebø skule, utan brakker.

– Situasjonen no er ikkje grei. Men me også syta for at det me gjer med utvidinga er noko som kan stå seg i lang tid, seier skulesjefen.

Patrycja Sæle - Storebø skule

Patrycja Sæle er leiar i FAU ved Storebø skule. Ho har fått nok av forholda på skulen.

Foto: Leif Rune Løland