Hopp til innhold

Fortel om frykt: Legar oppgir at dei unnlet å skrive avvik

Legar fortel om korleis dei har blitt «handlingslamma av fryktkultur» i ny rapport. Fleire oppgir at dei unnlet å skrive avvik på forhold som burde vore meldt.

Førde sentralsjukehus

I ein fersk rapport fortel legar om at dei blir handlingslamma som følge av «fryktkultur».

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Ei av dei største avdelingane ved Helse Førde er avdeling for akuttmedisin (AAM).

Det er mellom anna her du hamnar dersom du brått treng kritisk hjelp, som etter hjarteinfarkt eller ulykker.

Det er blant dei største avdelingane i føretaket, med rundt 500 medarbeidarar. Godt samarbeid i alle ledd blir omtalt som særs viktig for at avdelinga skal fungere.

Men denne veka brukte toppsjefen uvanleg sterke ord.

Forholda ved avdelinga er så krevjande at «det kan medføre fare for kvalitet og pasienttryggleik», skreiv administrerande direktør, Arve Varden, til styret.

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

Toppleiaren i Helse Førde, Arve Varden, meiner forholda ved ei avdeling i Helse Førde er så alvorleg at det kan gå ut over pasienttryggleiken.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Slår alarm

Det er innhaldet i ein ny rapport som er bakgrunnen for at Varden går så sterkt ut. Ein rapport som vart utarbeida etter at 13 legar sende varsel til sjukehusleiinga i fjor haust.

I rapporten, som er unnateke offentleg innsyn og som er leia av ein klinikkdirektør ved helseføretaket, blir det peika på forhold ved avdelinga som strekk seg heilt tilbake til 2019.

Det handlar om legar som fullstendig manglar tillit til fleire av sjefane.

I 2022 var samarbeidsklimaet så prekært at legane vart flytta ut av avdelinga som eit strakstiltak. Dei klarte ikkje lenger å samarbeide med avdelingssjefen.

Men det som då skulle føre til ei betring av situasjonen, har heller blitt verre, kjem det fram i rapporten.

Det nye helikopteret til Helse Førde

Ambulansetenesta er ein sentral del av avdeling for akuttmedisin i Helse Førde.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

«Fryktkultur»

Legane skildrar ein kvardag der dialogmøte med leiarar meir er monologar.

«Maktspel og fryktkultur er framleis levande på avdelinga», blir det hevda.

Legane fortel at dei vart lova ei evaluering etter at strakstiltaket vart gjennomført i 2022, utan at noko har skjedd.

Fleire av sjefane blir omtalte som ein «makttriade», der det samstundes blir trekt fram at legane har blitt isolerte og marginaliserte etter at dei vart flytta.

«Dei opplever at dei ikkje blir involverte, informerte eller høyrde i same grad som tidlegare.»

Fleire legar oppgir at dei er redde for å skrive avvik, og at dei unnlet å skrive avvik på forhold som burde vore meldt. Bakgrunnen er mellom anna at dei er redde for at avvika kan bli brukt mot dei seinare, ved at det blir brukt som «bevis» på at dei ikkje gjer jobben sin godt nok.

«Legane har sjølve gitt uttrykk for at ein kan bli handlingslamma av fryktkultur», står det i rapporten.

I samtalar har fleire legar også oppgitt at dei har slutta i heile eller delar av stillinga, eller at dei vurderer å gjere det. Det gjeld mellom anna legar som jobbar eller har jobba i luftambulansetenesta.

Til påstanden om at fleire legar vurderer å slutte, konkluderer rapporten: «Vi har ikkje grunnlag for å tvile på at dei opplysningane dei tilsette har gitt til oss i desse samtalane er riktige».

Førde sentralsjukehus

Legane oppgir at dei ikkje skriv avvik på forhold som burde vore meldt.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Etterlyser døme

Fleire av sjefane reagerer på påstandane om fryktkultur, og etterlyser «konkrete eksempel og dokumentasjon». Det blir hevda at legane sjølve skapar frykt for andre ved å sette fram påstandar.

«Dersom legane ikkje kan vise til konkrete episodar eller legge fram annan dokumentasjon for sine påstandar, meiner han at han er utsett for trakassering», står det i rapporten om ein av sjefane.

Han reagerer sterkt på at legane hevdar han ikkje vil støtte dei i vanskelege situasjonar, utan å vise til konkrete eksempel.

Han meiner vidare at det må lagast køyrereglar for korleis legane kan oppføre seg.

Avdelingssjefen seier at han ikkje kan vere leiar for legane dersom dei fritt kan fremje slike påstandar, utan dokumentasjon.

«For han har denne saka aldri blitt avslutta, og han opplever den som ei stor belastning.»

Den aktuelle sjefen, som legane er misnøgde med, får også støtte frå andre seksjonsleiarar ved avdeling for akuttmedisin.

Her blir det trekt fram at han er «fagleg flink», «smart» og «framsynt leiar» med stor arbeidskapasitet.

Forsida frå rapporten som kom januar 2024

Rapporten inneheld detaljerte skildringar frå legane, der det kjem påstandar mot namngitte leiarar.

Foto: Skjermdump av rapport

Fare for pasienttryggleiken

Rapporten konkluderer med at den noverande stoda kan gå ut over pasientane.

«Alle legane har gitt tydelege signal om at dagens situasjon ikkje kan halde fram og at det vil påverke pasienttryggleiken over tid.»

Ein av sjefane seier også at «pasientbehandlinga ikkje blir betre» av forholda slik dei er i dag.

Ein annan sjef er derimot tydeleg på at drifta er «forsvarleg».

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, seier at saka ikkje er bra for Helse Førde sitt omdømme. Han utdjupar kva han legg i at pasienttryggleiken kan verte råka.

«Det kan bety feilbehandling, eksempelvis.»

«Det er klart at når tilsette ikkje har hatt det bra når ein har vore på jobb, det å stå i ein slik situasjon over tid kan bety at vi ikkje gir den behandlinga som er forventa av oss.»

Elles ønsker han ikkje å kommentere det som kjem fram i rapporten og viser til at den er unnateke offentleg innsyn.

Han seier at det no er hans «plikt» å sørge for at arbeidsmiljøet er så bra at «vi opprettheld den standarden som er forventa av oss.»

NRK har sendt førespurnad til dei to aktuelle mellomleiarane. Den eine har svart at han ikkje ønsker å kommentere rapporten. Den andre har ikkje svart, men NRK har via kommunikasjonsavdelinga fått opplyst av vedkomande ikkje ønsker å kommentere.

Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde

Arve Varden har vore administrerande direktør i Helse Førde sidan 2017.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ny organisering

Tidlegare denne veka vart det kjent at styret slutta seg til administrasjonen sitt forslag om å dele opp avdeling for akuttmedisin i to, som eit førebels tiltak. Ei avdeling for prehospitale tenester (ambulanse og AMK) og ei for anestesi, intensiv, operasjon, dagkirurgi og sterilsentralen.

Forslaget kjem som eit direkte resultat av rapporten som kom i januar.

Seksjonsleiar for legane som varsla, Gregers Halvorsen, kommenterer saka slik:

– Eg stiller meg bak Varden sine vurderingar, styret sitt vedtak og har stor tiltru til ein ryddig prosess for å finne dei beste løysingane for dei involverte partane og pasientane.

Det fører i praksis til at legane som har varsla vil ha enda mindre å gjere med sjefane dei er misnøgde med.

Samstundes har Helse Førde motteke sju nye varslar, der enkelte av desse er knytt til den mellombelse organiseringa. Fire av varsla er retta mot administrerande direktør, Arve Varden, personleg – difor er det styret som skal handtere denne prosessen vidare.

Styret i Helse Førde

Styret skal no handtere dei nye varsla som har kome dei siste vekene. Fire av desse varsla er retta mot administrerande direktør.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK