Hopp til innhold

Sju varsel i Helse Førde – leiinga uttrykker bekymring for pasientane

Direktøren ved helseføretaket seier langvarig konflikt kan gå ut over pasienttryggleiken.

Førde sentralsjukehus

Administrasjonen i Helse Førde skriv til styret at det er krevjande arbeidsmiljø i Helse Førde. Det kjem difor forslag om fleire omorganiseringar.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Onsdag skal styret i Helse Førde behandle ei sak som handlar om omorganisering og dårleg arbeidsmiljø.

Tysdag la Helse Førde sjølv ut ein artikkel på sine heimesider, som antyda kva konflikten handlar om.

Her blir det stadfesta at Helse Førde har teke imot sju varsel.

Varsla knyter seg mellom anna til handtering av ei mellombels omorganisering i kirurgisk klinikk.

Ettersom fire av varsla rettar seg mot administrerande direktør, Arve Varden, så er det styreleiar i helseføretaket, Ole Gunnar Krakhellen, som handterer varsla.

– Styret tek varsla på alvor, seier Krakhellen.

Høgrebenken på fylkestinget

Det er styreleiar i Helse Førde, Ole Gunnar Krakhellen, som onsdag skal handtere varsla på eit styremøte i Helse Førde.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Fare for pasienttryggleiken

I styredokumentet legg ikkje administrerande direktør skjul på kor alvorleg han ser på situasjonen:

«Det har over lengre tid vore utfordringar knytt til arbeidsmiljøet i avdeling for akuttmedisin (AAM).»

Med rundt 500 medarbeidarar er det blant dei største avdelingane i føretaket.

I 2022 vart det vedteke at seksjon legar vart løfta ut av avdelinga.

«Det er usemje om i kva grad tiltaket som vart sett i verk i 2022 har fungert, og situasjonen no er slik at måten tenesta er organisert på kan medføre fare for kvalitet og pasienttryggleik.»

Han skriv også at «situasjonen er slik at det ikkje er forsvarleg arbeidsmiljø for dei involverte».

Til BT seier Varden at han ikkje vil utdjupe kva arbeidsmiljøproblema handlar om.

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Foreslår deling i to

Forslaget no er å førebels dele AAM i to.

  • Den eine avdelinga skal bestå av prehospitale tenester (mellom anna ambulansane).
  • Den andre avdelinga skal bestå av anestesi, intensiv, operasjon, dagkirurgi og sterilsentralen.

Den sistnemnde avdelinga skal leiast av ein sjef som er lånt inn frå ei tilsvarande avdeling i Helse Bergen.

Administrerande direktør, Arve Varden, har ikkje svart på førespurnader frå NRK tysdag ettermiddag og kveld.

Styreleiar i Helse Førde, Ole Gunnar Krakhellen, seier til NRK at han ikkje vil gå inn på innhaldet i dei konkrete varsla.

– Det er kjende arbeidsmiljøproblem – som er i Helse Førde – som ein prøver å følge opp.

– Tolkar du dette som ein aksjon?

– Eg har ingen haldepunkt for å kalle dette ein aksjon.

Han beskriv situasjonen som «krevjande», men håpar å unngå at det blir ein heilt fastlåst situasjon.

Til påstanden om at konflikten kan gå ut over pasienttryggleiken, seier styreleiaren mellom anna dette:

– Der er ein risiko, og ein aukar risikoen når ein har ei arbeidsmiljøutfordring. Difor er det viktig at den blir handtert.

Onsdag vert alle styra samla i Helse Vest i Stavanger.

Der skal også Helse Førde-styret halde sitt møte, for blant å ta stilling til omorganiseringa.

Styret i Helse Førde

Saka med dei ulike varsla blir sentralt på styremøtet onsdag. Her frå eit tidlegare styremøte i januar i år.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK