Hopp til innhold

Botnskrapa vassmagasin gjer at SV og Raudt ber regjeringa ta grep

Nye tal viser at fyllingsgraden i norske magasin er nede i 31,4 prosent. No kan «botnskrapa vassmagasin» få politiske konsekvensar.

Zakariasdammen

BOTNSKRAPA: Biletet av Zakariasvatn er tatt under ein tidlegare nedtapping. I dag er vasstanden høgare.

SV og Raudt ber regjeringa «greie ut auka minstekrav til fyllingsgraden i vassmagasina utover dagens krav».

Kravet kjem etter ein vinter med høge straumprisar og uvanleg «tørre» vassmagasin. Ved utgangen av veke 11 var fyllingsgraden 31,4 prosent.

Brote ned på dei ulike prisområda sør for Dovre, ser statistikken slik ut:

  • Vestlandet (NO5) har 21,4 prosent vatn i magasina.
  • Austlandet (NO1) har ein fyllingsgrad på berre 15,9 prosent
  • På Sørlandet (NO2) er det berre 28,2 prosent vatn att.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 49,0 prosent.

– Vi må ha større kontroll over kraftsituasjonen og straumprisane. Då må vi undersøke alle mogelegheiter og sjå kva kan gjere, seier energipolitisk talsmann Lars Haltbrekken i SV til NRK.

Dei to partia ønsker at utgreiinga blant anna ser på korleis ulike krav til fyllingsgrad påverkar kraftproduksjonen, straumprisen og forsyningstryggleiken.

Det norske kraftnettet
Grafikk: Oljedirektoratet

Det er berre er pris som er avgjerande

Tidlegare i mars publiserte utgreiingsseksjonen til Stortinget ein rapport kalla «Samfunnsøkonomisk lønsam disponering av vassmagasina».

– Den viser at det berre er pris som er avgjerande for når magasina vert tappa, seier Sofie Marhaug i Raudt.

Ho legg til:

Magasina vert tappa meir enn før. Det er fordi berre pris er styrande. Dette går utover forsyningstryggleik, miljø og lommeboka til folk.

Dagleg leiar i Distriktsenergi, Knut Lockert, seier til NRK at forslaget til Rødt og SV «ikkje er ein god idé».

I dagens situasjon ville det truleg ikkje gjort særleg forskjell i prisen, og over tid har ein marknadsbasert tilnærming der produsentane optimaliserer vassverdien vore den beste løysinga.

Han legg til:

Om Stortinget vil strupe eksporten, opnar det for spørsmål om når er det riktig å gripe inn og kor lenge restriksjonane vare. Og skal det vere éin nasjonal regel eller ulike reglar for kvart prisområde? Svaret på disse spørsmåla løysast best av dei som står oppe i det, og neppe på Stortinget.

Har eksportert ganske mykje kraft

Ann Myhrer Østenby er seksjonssjef for ressursar og kraftproduksjon hos Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

– Sidan det har det vore høge priser, spesielt i landa rundt oss, har det gjort at Noreg har eksportert ganske mykje kraft. Det gjer at sjølv om det har komme ein del tilsig av vatn, så har ikkje vasstanden komme veldig høgt opp i magasina, seier ho til Klassekampen.

Sidan i haust har NVE hatt «auka merksemd» på vassmagasina. Norsk Industri har på same tid åtvara mot «vårknipa».

Statnett har ansvaret for å utvikle verkemiddel for å handtere periodar med anstrengt kraftsituasjon, og kan sette i gang ein rekke tiltak etter vedtak frå NVE.

Alt i januar meldte NRK at dei norske vassmagasina «er halvtomme», og at fyllingsgraden sør for Sognefjorden er blant dei lågaste som Noregs vassdrags- og energidirektoratet (NVE) har observert dei siste 20 åra.