Bønder leie av å vente på oppgjeret

Leiaren i Bondelaget i Sogn og Fjordane er svært oppgitt over at staten ikkje held sin eigen frist, men let bøndene vente på landbruksoppgjeret.

Per Hilleren

OPPGITT: Per Hilleren i Bondelaget seier det er mange bønder som no er oppgitte over staten.

Foto: Eline Buvarp Aardal / NRK

– Vi spør oss jo om kor tid det kjem. Vi har fått beskjed om at det ikkje kjem noko i dag heller, seier Per Hilleren oppgitt.

Landbruksoppgjeret skulle etter planen leggjast fram måndag, men er no ein dag på overtid. Og det ser ut til at bøndene må vente nok ein dag.

Krava som Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Smårbrukarlag leverte i slutten av april hadde ei samla ramme på 2, 2 milliardar kroner. Men førebels har ikkje staten sin forhandlingsleiar, departementsråd Leif Forsell i Landbruksdeparementet, ville svare på kravet.

– Verkar som det ikkje er så nøye

Per Hilleren i Sogn og Fjordane Bondelag er oppgitt, og seier han har fått mange telefonar frå frustrerte bønder som lurer på kva som skjer.

– Det er dårleg av staten at dei ikkje kan halde den fristen dei sjølv har sett. Det er nesten slik at ein får inntrykk av at dei tenkjer at det ikkje er nøye at fristen blir heldt, sidan det er landbruksoppgjeret det handlar om, seier Hilleren til NRK.no.

For det har på sett og vis blitt ein tradisjon at dette oppgjeret ikkje kjem som avtalt. Nationen skriv at tilbodet i fjor vart lagt fram først seks dagar på overtid, medan det året før gjekk tre dagar over fristen.

– Vi må smørje oss med tålmod

Hilleren har ikkje noko god forklaring på kvifor tilbodet let vente på seg.

– Det må vel vere at dei driv og diskuterer det i regjeringa, seier han.

– Kva gjer Bondelaget med dette?

– Vi må berre smørje oss med tålmod og vente. Men frustrasjonen byggjer seg opp, seier Hilleren.

Truleg klart i morgon

Dei siste åra har Bondelaget gått med på avtalar som har vore berre halvparten av dei krava som har blitt lagde fram. Kor vidt det blir løysinga i år og veit ikkje Hilleren.

– Eg held meg til at vi har levert eit krav på 2,2 millionar, så får vi sjå kva resultat blir, men det er kravet vi held oss til.

Etter det Nationen veit vil tilbodet frå staten truleg bli lagt fram onsdag, to dagar på overtid.