Hopp til innhold

Bompengesjokk i Bergen: Meir enn dobling for miljøverstingane

Prisen for dieselbilar går opp, og rabattordninga for transportnæringa forsvinn. – Frekkheitas nådegåve har ingen grenser, meiner Lastebileigarforbundet.

Yrkessjåfører protesterer mot økning av bompengeavgiftene og gjennomfører en kjør-sakte-aksjon på innfartsveiene til Bergen onsdag morgen.

FREKT OG GRÅDIG: Norsk lastebileigarforbund er svært kritisk til at bompengetakstane i Bergen aukar med opptil 120 prosent for store delar av transportnæringa frå 1. juni (Arkivfoto).

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Dieselbilar og eldre tunge køyretøy får 1. juni ein kraftig bompengeauke i Bomringen i Bergen, som del av Miljøløftet.

Den største prisauken blir utanom rushtida. Då må dieseldrivne personbilar ut med opptil 10 kroner meir enn i dag per passering – ein auke på 53 prosent.

Endå større blir auken for eldre, tunge køyretøy. Dei får både ein stor takstauke og mister dagens rabattordning.

Dermed må dei betala 67 kroner utanom rushet, mot dagens rabatt-takst på vel 30 kroner. Det er ein auke på 120 prosent.

Nye bompengetakstar i bomringen i Bergen frå 1. juni 2018 (i kroner, rabattpris i parentes)

Bompenger for køyretøy tom 3500 kg

Diesel

Normaltakst

Før 1.6.2018

Vanlig:

29 (23,20)

24 (19,20)

19 (15,20)

Rushtid:

54 (43,20)

49 (39,20)

45 (36,00)

Bompenger for køyretøy over 3500 kg

Euro V og eldre

Euro VI/hybrid

Vanlig:

67

36

38 (30,40)

Rushtid:

118

72

90 (72,00)

Køyretøy i takstgruppe 1 med elektronisk brikke og gyldig avtale får 20 prosent i rabatt. For køyretøy i takstgruppe 2 forsvinn rabatten som er der i dag.

– Dette er ein uhøyrt utgiftsauke for transportnæringa, seier regionsjef Jan Ove Halsøy i Norges lastebileigarforbund.

Jan-Ove Halsøy

GRENSELAUST: – Det må vera grenser for kor grådig det offentlege kan vera, meiner regionsjef Jan Ove Halsøy i Norges lastebileigarforbund.

Foto: Christian Lura / NRK

– Ikkje berre aukar Bergen kommune takstane kraftig. Det er heilt urimeleg at staten i tillegg fjernar rabattordninga for oss storforbrukarar. Det må vera grenser for kor grådig det offentlege kan vera, meiner han.

Meir forskjellsbehandling

Det har til no vore uklart kva tid dei nye takstane skulle bli innført. Onsdag melde Statens vegvesen at den endelege datoen er bestemt.

Takstauken skulle etter planen vore innført 1. april, men då var ikkje dei juridiske avtalane mellom bompengeselskapet Ferde og Vegdirektoratet på plass.

Ordninga med gratis passering for elbilar held fram, og det blir innført ytterlegare forskjellsbehandling, såkalla miljødifferensiering (sjå tabell).

Og det går utover dieselbileigarane.

Meir informasjon om dei ulike rabattordningane finn du hjå bompengeselskapet Ferde.

Diesel: 10 kroner dyrare

Frå 1. juni aukar takstane for dieselbilar med 7–10 kroner, avhengig av rabattordning og tid på døgeret.

Dieselbilar får ein takstauke på 53 prosent utanom rushtidene, og 20 prosent i rushet.

Bensinbilar og ladbare hybridbilar med rabatt får ein mindre auke på 3–5 kroner i høve til i dag.

For personbil, bubil, van og liknande (takstgruppe 1) blir samstundes ordninga med 20 prosent rabatt ved førehandsbetaling gjort om til automatisk rabatt og etterbetaling.

Tunge køyretøy (takstgruppe 2) mister derimot rabattordninga frå 1. juni.

Yrkessjåfører protesterer mot økning av bompengeavgiftene og gjennomfører en kjør-sakte-aksjon på innfartsveiene til Bergen onsdag morgen.

ENDÅ DYRARE: I Bergen må eldre, tunge køyretøy etter 1. juni betala 118 kroner i rushet og 67 kroner utanom.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Tunge: Mykje dyrare, eller billigare

For eldre tyngre køyretøy (Euro V og eldre) skal det kosta 118 kroner i rushet (mot rabattprisen på 72 kroner i dag) og 67 kroner utanom rushtida (mot vel 30 kroner i dag).

Eldre, store køyretøy får dermed ein takstauke på 64 prosent i rushtidene og heile 120 prosent utanom rushet, samanlikna med dagens rabatterte takstar.

Dei som ikkje har rabatt i dag får ein auke på 31 prosent i rushet og 76 prosent på andre tider.

Derimot blir det billigare for nyare tunge køyretøy som forureinar mindre (Euro VI og store, ladbare hybridbilar).

I dag betaler dei 90 eller 45 kroner per passering. Taksten blir redusert med 20 prosent til 72 kroner i rushet og den går ned fem prosent til 36 kroner utanom rushtida.

– Det er me glade for, men likar ikkje at dei nesten like reine bilane (Euro V) blir straffa så hardt. Dette trugar våre arbeidsplassar og vil føra til høgare transportutgifter for næringslivet i regionen, seier Halsøy.

Dobling av bomstasjonar

Sju månadar etter desse takstendringane kjem neste store endring i Bomringen i Bergen.

I dag har kommunen 14 bompengestasjonar. Frå 1. januar 2019 blir det 15 nye stasjonar i tillegg.