– For å vere ærleg er vi ganske overraska over dette. Det er ikkje vanleg at bompengar må betalast under slike arrangement, seier Harald Tiedemann Hansen til NRK.
Hansen er både president i organisasjonskomiteen for Bergen 2017 og president i Norges Cykleforbund.
Han møter NRK ved bomstasjonen i Kalfaret i Bergen. Her skal verdas beste syklistar sykle forbi mange gonger under VM.
Saman med dei kjem ei lang rekke leiar-, service- og dommarbilar, samt følgjebilar og motorsyklar.
Fryktar bomrekning på over 150.000
Berre veker før verdsmeisterskapen, har arrangøren fått ein uventa ekstrakostnad på bordet.
Tidlegare i august søkte nemleg Bergen 2017 om fritak for betaling av bompengar under sjølve ritta, frå klokka 08.00-19.00 i ni dagar. Sykkelpresidenten seier dei rekna med det kom til å gå i orden.
Men søknaden vart blankt avvist.
«For bompengeringen i Bergen er det ikkje opna for fritak under idrettsarrangement eller liknande», svarar Statens vegvesen.
Har klaga på avgjerda
– Dette er pengar vi ikkje har lagt inn i budsjettet i det heile teke, innrømmer Hansen.
Etter at NRK omtalte saka, har sykkel-VM no anka bompengeavgjerda til Vegdirektoratet. Dei er klageinstans og opnar for at saka kan få eit anna utfall når dei får sett på saka på nytt.
– Denne klagen blir prioritert og vi kan love ei rask behandling, seier pressesjef Kjell Bjørn Vinje til NRK.
MANGE BILAR: Koppelet av bilar og køyretøy som følgjer syklistane er ofte meir omfattande enn sjølve sykkelfeltet. Her frå årets Tour de France.
Foto: Jeff Pachoud / AFPSom BT skreiv i går, styrer sykkel-VM allereie mot eit underskot.
– Vi har ikkje rekna nøyaktig på det, men vi snakkar truleg om ei ekstrarekning på 150.000 kroner i bompengar. Alle sånne overraskingar vil setje press på oss og økonomien i arrangementet, seier Hansen.
105 bilar og mange passeringar
Dermed vil bompengeringen både i Bergen og på Askøy registrere alle passeringar undervegs i dei ulike VM-ritta.
I søknaden skriv arrangøren at dei har 105 bilar i sving, i tillegg kjem dei private lagbilane til over 80 deltakarnasjonar som skal følgje syklistane tett i løypa.
– Berre i Bergen sentrum skal vi sikkert passere bomstasjonane over 60 gonger i løpet av VM. Vi forstår at bompengeringen har eit regelverk å halde seg til, men vi har uansett gitt tilbakemelding om kva vi meiner om dette, seier Hansen.
Han presiserer at søknaden berre gjeld bompengepasseringar under sjølve rittet.
– Men er det ikkje rett og rimeleg at de betalar bompengar også då?
– Jo, men vi er invitert til å arrangere dette i Bergen. Vi er ein teknisk arrangør med ei kostnadsramme å tenke på. Det er høgst uvanleg at ein arrangør må betale bompengar under VM og andre større sykkelritt i utlandet.
MANGE RUNDAR: Med forskjellige ritt i ni dagar, og over 100 bilar i følget, fryktar VM-arrangøren at bompengerekninga skal vekse seg til opp mot 150.000 kroner. Her frå Tour des Fjords i 2016.
Foto: ANDY LYONS / AFPMå skaffe Autopass
Det er seniorrådgjevar Kristian Bauge i Statens vegvesen som har formidla avslaget til arrangøren Bergen 2017.
Til NRK har han ingen kommentar utover at avslaget er i tråd med gjeldande regelverk.
– Vi viser til at arrangøren bør ta kontakt med Bergen Bompengeselskap for å ordne med Autopass-brikker, så sparar dei nokre kroner på rabattane, seier Bauge.
Les fleire saker om sykkel-VM: