Hopp til innhold

Bompengepartiet tapte namnestrid

Namna Hordaland og Sogn og Fjordane vil ikkje oppstå på ny i fylkeskommunale papir, planar og annonsar.

Knut Inge Andersen

KJEMPAR: Knut Inge Andersen meiner at dei gamle fylkesnamna er så sterke merkevarer, spesielt innafor reiselivet, at dei også må brukast av fylkeskommunen.

Foto: Privat

Det er klart etter at Bompengepartiet, med fjalerbuen Knut Inge Andersen, i spissen tapte namnekampen i hovudutval for kultur i Vestland fylke.

Det er ikkje berre bompengane Folkeaksjonen Nei til mer bompenger (FNB) har sett seg leie på. No vil dei også ha slutt på at politikarar og byråkratar i den nye fylkeskommunen mest brukar omgrepa «sørfylket», «nordfylket» eller Vestland nord eller sør i offisielle samanhengar.

– Ingen veit kvar «nordfylket» er

Bompengepartiet vil ha dei gamle fylkesnamna i Vestland tilbake i offisielle samanhengar.

– Sogn og Fjordane og Hordaland er namn på område som folk har eit langt og godt forhold til. Ingen har eit forhold til Vestland, seier Andersen til NRK.

Difor fremja han nyleg ei sak for kulturutvalet i fylkeskommunen.

– Alle veit kor Sogn og Fjordane og Hordaland ligg. Svært få veit kor «nordfylket» og «sørfylket» ligg, seier han.

– Sterk merkevare

Andersen meiner det er viktig å ta vare på og sikre bruken av dei gamle fylkesnamna i offisielle samanhengar

Sogn og Fjordane og Hordaland er slått saman til Vestland fylke. Er det ikkje ein omkamp du held på med?

– Nei, dette er ingen omkamp. Dette har med identitet å gjere, seier han.

Under debatten i utvalet var Andersen spesielt oppteken av verdien på namna.

– Spesielt namnet Sogn og Fjordane har stor verdi som merkevare innanfor reiselivet

Kritisk professor

Professor i nordisk språkvitskap, Lars Vikør, støttar fullt ut at Sogn og Fjordane og Hordaland også i framtida må kunne brukast om geografiske område i det nye fylket. Han har ingen sans for dei nye omgrepa «nordfylket» og «sørfylket».

– For litt over hundre år sidan heitte Sogn og Fjordane «Nordre Bergenhus amt» og Hordaland «Søndre Bergenhus amt». Det kan verke som om enkelte vil tilbake til den tida, seier Vikør.

Professoren har aldri likt Vestland som namnet på det nye storfylket. Dette ikkje minst fordi både Rogaland og Sunnmøre er ein del av Vestlandet.

– Ein bør til dømes seie Førde i Sunnfjord eller Førde i Sogn og Fjordane. Førde i Vestland høyrest ikkje bra ut, seier Vikør.

Forstår ikkje bompengepartiet

Men Andersen fekk liten støtte for synet sitt i utvalet. Fleire av dei som tok ordet sa at dei ikkje forstod intensjonen hans, og at folk uansett vil bruke dei gamle fylkesnamna i daglegtalen.

Kjell Gitton Håland frå Arbeidarpartiet oppsummerte ganske godt synet til fleirtalet i utvalet.

– Eg forstår ikkje heilt intensjonen. Dette er ikkje noko vi politikarar skal bestemme. Det vert litt spesielt om vi som politikarar i Vestland fylke skal fremje i slik sak, når oppgåva vår er å heime fram den nye fylkeskommunen. Så får folk bruke Hordaland og Sogn og Fjordane akkurat som dei vil for meg.