Hopp til innhold

"Fortvilande å vere i OL og ikkje vere med å kjempe om medaljar"

Ingen av dei norske skiskytarane fekk det til å fungere under normaldistansen på 20 km for herrar i OL i Sotsji. Franskmannen Martin Fourcade vann suverent.

Tarjei Bø

SKUFFA: Tarjei Bø var tydeleg skuffa då han kom i mål etter herrane sin 20 km i OL.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Tyske Erik Lesser tok sølvet og russaren Evgeniy Garanichev tok bronsen.

Emil Hegle Svendsen hadde éin bom på dei fire skytingane, og vart med det beste nordmann med ein 7. plass, 58,6 sekund bak Fourcade.

Tarjei Bø skaut to bom, og med to minutt i tillegg, var det ingenting stryningen kunne gjere for å hevde seg i toppen. Han hamna til slutt på 25. plass.

Heller ikkje i dette rennet såg det ut til å fungere i sporet for storebror Bø. Han var tydeleg skuffa då han kom i mål.

– Det er kjempedårleg. Eg skuffa igjen. Det er fortvilande å vere i OL og ikkje vere med å kjempe om medaljar, seier Bø.

Anar ikkje grunnen

Etter fleire løp under pari, er Bø framleis ikkje sikker på kva som er årsaka til at ting ikkje stemmer.

– Vi veit ikkje heilt. Vi har ikkje alle svara. Vi må berre innsjå fakta, og resultatlista lyg ikkje. Vi har ikkje funne grunnen, men vi prøver å rette opp i det. Vi må gjere det beste utav situasjonen, seier Bø.

Johannes Thingnes Bø hadde éin bom på sine fire skytingar, men heldt for låg fart i sporet til at det vart ei plassering det svinga av for veslebror Bø. Han gjekk til slutt inn på ein 11. plass, 1,44,8 bak Fourcade.

Heller ikkje Ole Einar Bjørndalen, som tok OL-gull på opningsdistansen i OL, hadde dagen i dag. Han hadde totalt fire bom og kom på 34. plass.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johannes THingnes Bø

SLITEN: Johannes Thingnes Bø skaut berre éin bom, og ramla til slutt ned på 11. plass.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Trist å sjå

– Det er vondt å sjå at ingenting fungerer i kanskje det viktigaste løpet i år, seier NRK-ekspert Ola Lunde.

Tarjei Bø var 2,15 bak beste langrennstid.

– Det er altfor mykje. Tarjei har ikkje vore i skikkeleg langrennsform i år, seier Lunde.

Han legg til at 19 treff på både Johannes og Emil Hegle Svendsen er godkjent.

– Men når løparane ikkje er i skikkeleg langrennsform, så er det skuffande, seier Lunde.

(Artikkelen held fram under videoen)

Johannes Thingnes bø og Tarjei Bø på skiskyting i Sotsji

Kan miste favorittdistansen sin

Med plasseringa i dag, er Tarjei Bø i fare for å miste favorittøvinga si, fellestarten søndag. Bø bør ha mellom 40 og 50 verdscuppoeng for å bli blant dei 30 som får gå fellesstarten. Om han har det, veit han førebels ikkje.

– Eg veit ingenting om det. Trenarane får ta fram kalkulatoren etterpå, så får vi sjå. Eg er nok i grenseland, seier Tarjei Bø til NRK.

Han har moderate von til kva anna han får gå i OL.

– Eg trur ikkje eg får gå mix-stafetten, der er det nok Emil og Ole Einar som ligg best an. Men eg ser fram til stafetten. Det likar eg, og eg pleier å meistre det bra. Så får vi håpe eg får meir fart på skia, seier Tarjei Bø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tarjei Bø

IKKJE FORT NOK: Tarjei Bø har inga forklaring på kvifor det ikkje går fort nok i sporet.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Kjende seg pigg

Beste nordmann, Emil Hegle Svendsen, fattar ikkje kva som gjekk gale. Han vart meir og meir frustrert over meldingane utover i løpet.

– Eg er skuffa. Eg kjende meg pigg og skaut 19 treff. Då burde det gått betre. Eg veit ikkje kva det er. Dette er litt overraskande, seier Hegle Svendsen.

Han var svært trist og sint etter målgang, og slengde både stavar og panneband.

– I sporet fekk eg berre beskjed om at eg tapte og tapte. Det er ikkje kjekt. Men vi må vidare. Det kjem nye løp. Vi må jobbe hardt. Men det er kjedeleg når ein kjenner seg bra, og så stemmer det ikkje med resultatet, seier Svendsen.