Hopp til innhold

Blodprøve blei frakta med drone for første gong

Om få år kan det vere droner som fraktar blodprøver. – Frakt av organ treng ikkje vere så mykje lenger unna, seier Børre Eimhjellen i Airlift Solutions.

Robin Sørland

SJUKEHUS: Robin Sørland med blodprøva som blei frakta frå Førde sentralsjukehus og til sentrum av Førde.

Foto: Espen Nyttingnes

Fleire helseføretak vil bruke dronar for å spare både tid og pengar når blodprøver blir flytta frå ein stad til ein annan.

– Innan tre år trur eg vi er i lufta, seier Børre Eimhjellen, som er dagleg leiar i Airlift Solutions.

Helikopterselskapet Airlift i Førde utviklar eit system saman med Rikshospitalet og Helse Vest, der blodprøver blir frakta med dronar.

Løysinga blei testa ut i Førde denne veka, då ei blodprøve frå Førde sentralsjukehus fekk ein noko uvanleg og luftig tur i kring 2 kilometer. Turen gjekk frå sjukehuset og til Scandic Sunnfjord. Dette var første gongen ei blodprøve blei frakta med drone, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

– Eg trur dette kan vere nærare enn vi trur. Vi ser ikkje vekk frå at dronar blir brukt til å frakte blodprøver, både med tanke på kvalitet og kostnad, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

Arve Varden

PLUKKA OPP: Helse Førde-direktør Arve Varden sjekkar korleis det står til med blodprøva som blei frakta med drone.

Foto: Espen B. Nyttingnes

Frakt av organ

Fleire millionar blodprøvar blir frakta rundt i heile landet med post, båt, bil eller fly. Turar som både kostar, forureinar og tek tid.

– Vår løysing vil spare tid, auke kvaliteten og vere grønare, meiner Eimhjellen.

Målet er at dronar skal transportere blodprøver frå legekontor og til sjukehus i første omgang, men dronane også skal kunne frakte andre ting etter kvart.

– Vi trur frakt av blodprøver vil kome først, men det vil ikkje stoppe der. Frakt av organ treng ikkje vere så mykje lenger unna. Vi må byggje steg for steg, vi må krype før vi kan gå, seier Børre Eimhjellen, som er dagleg leiar i Airlift Solutions.