Hopp til innhold

Her vil sjukehuset frakte blodprøver i lufta

Små, ubemanna fly og helikopter kan spare helsevesenet for tid, pengar og klimautslepp. Nå skal tre norske sjukehus teste det ut.

– Dette er ikkje science fiction, seier Hans Tore Frydnes, klinikksjef for medisinsk service ved Stavanger universitetssjukehus (SUS).

I Helse-Noreg blir fleire millionar blodprøver frakta rundt i landet kvart einaste år. Frå fastlegar til sjukehus og frå mindre sjukehus til større sjukehus. Transporten skjer med post, båt, bil og fly. Den tar tid, kostar pengar og forureinar.

Hans Tore Frydnes, Stavanger universitetssjukehus (SUS)

Hans Tore Frydnes i «lageret» av prøver som skal inn og ut av Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Når Stavanger får nytt sjukehus på Ullandhaug i 2023, men framleis skal ha aktivitet i det gamle på Våland, får dei ei utfordring. Analysar av blodprøver skal berre skje i det nye sjukehuset fire kilometer unna. Over ein halv million blodprøver i året blir tatt på sjukehuset, og mange av desse må difor bli sendt frå det gamle til det nye.

Dette vil SUS og Helse Vest bruke dronar til. Prosjektet har opphav på Oslo Universitetssykehus (OUS). Også og Sykehuset Innlandet (SI) skal vere med.

Kan spare 1,5 mill. kilo CO₂

Dronar kan korte inn «reisetida» mellom til dømes Haukeland universitetssjukehus i Bergen og Stavanger frå fem til ein time. Frå Lillehammer til Oslo kan to og ein halv time bli 45 minuttar.

Innan 2022 skal dei ha svar på om det er mogleg, sikkert og billigare å bruke små, ubemanna flygande køyretøy til oppgåva.

– Det må vere kostnadseffektivt for at vi skal gå inn i dette. Kvaliteten må vere like bra eller betre, og vi er opptatt av miljøprofil. Å gå frå bensin til elektrisitet er betre, seier Frydnes.

Berre for Oslo-sjukehusa kan dronetransporten bety reduserte utslepp på 250.000 kilo CO₂ det første året, og 1,5 millionar kilo etter tre år.

Åpning av PET-senter ved Stavanger universitetssjukehus

PET-skannar på Stavanger universitetssjukehus (SUS). Før ei undersøking må pasienten ta ein liten dose radioaktiv medisin, som er ferskvare. Viss frakta av medisinen går kjappare, kan ein spare pengar på transporten, og somme stader kan fleire pasientar bli undersøkte kvar dag.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Også for såkalla PET-skanning kan dronane spare tid og pengar.

Radioaktiviteten i legemiddel som ein pasient må ta før skanning, blir halvert for om lag kvar andre time. Raskare transport med drone kan somme stader i landet bety at kvar PET-skannar kan sjekke fleire pasientar om dagen.

Skal teste i 2019

Gunn Sjurseike Dale er avdelingssjef ved medisinsk biokjemi på SUS. Avdelinga analyserer ein million blodprøver kvart år.

Gunn Sjurseike Dale og rørpost ved Stavanger universitetssjukehus (SUS)

I dag blir blodprøvene sende med røyrpost frå avdelingane til laben på sjukehuset. Når byen får nytt sjukehus, men framleis skal bruke det gamle, kan prøvene komme med drone.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Halvparten kjem frå legekontora, og halvparten frå pasientar som er innlagde på sjukehuset, seier ho, som er veldig spent på droneprosjektet.

– Det er framtida å nytte teknologien vi ser for oss. Men vi må gjere ei god planlegging før vi set i gang, seier ho.

Gunn Sjurseike Dale, medisinsk biokjemi ved Stavanger universitetssjukehus (SUS)

Gunn Sjurseike Dale i rommet der alle blodprøver frå sjukehuset og legekontor i Rogaland blir tatt imot. Kvart år blir ein million prøver analyserte.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Dei første testflygingane blir gjort på Austlandet i løpet av 2019, ifølgje Frydnes.

– Dei store produsentane av dronar er veldig «på» teknologien. Allereie i dag finst dronar som kan frakte ganske tung last over lange avstandar. Nå er det opp til droneprodusentane å bevise at dei kan levere det vi må ha, seier Frydnes, og siktar til tryggleik og vertilhøve.

I tillegg til dei tre sjukehusa er også Syklotronsenteret, Posten Noreg, Forsvaret og Transportøkonomisk institutt med i prosjektet, som tidlegare er omtalt i Teknisk Ukeblad.

Dronetrase Stavanger