Sidan intensjonsavtalen om samanslåing av vestlandsfylka vart lagt ut på høyring i førre veke har det kome inn over tjue svar frå organisasjonar, kommunar og privatpersonar. Seniorrådgjevar i fylkeskommunen Ole Inge Gjerald fortel at det hittil er vanskeleg å tolke svara i ein retning.
– Mange har merka seg og har synspunkt på at nynorsk ikkje vart slått fast som administrasjonsspråk i intensjonsavtalen. Elles har det har kome inn både positive og negative synspunkt, og hittil er det vanskeleg å sjå eit mønster i svara.
Vestlandsregionen vart forsøkt stogga allereie før høyringsrunden, men eit fleirtal røysta mot. No er fristen for å kome med innspel 23. november, og etter høyringsperioden fortel Gjerald at fylkesrådmannen skal vurdere innspela.
– No er det framleis ei stund att av høyringsperioden, så er det opp til fylkesrådmannen å vurdere innspela og mellom anna på bakgrunn av dei kome med eit råd til politikarane i fylkestinget.
- Les også:
– Vanskeleg å spå
Hittil er det flest privatpersonar som har kome med innspel, til saman fjorten svar. I tillegg har sju organisasjonar og tre kommunar kome med sine meiningar.
Gjerald ventar at dei fleste kommunane vil kome med synspunkta sine tett opp mot fristen. Han synest det er krevjande å spå noko om kva kommunane vil seie om reforma, men trur det kan bli nokre geografiske skilnader.
– På KS-konferansen torsdag var det ein tendens til at kommunar i nord ønskjer å halde døra open for Sunnmøre, så geografi kan spele inn på oppfatninga. Det blir og tilsvarande sør i fylket, der ein kanskje vil vere meir positiv til ei samanslåing sørover.
Fylkestinget skal i desember bestemme endeleg om dei ønskjer ei samanslåing med Hordaland og Rogaland.