Hopp til innhold

Mislukka forsøk på å stogge vestlandsregionen

FØRDE (NRK): Fylkestinget har vedteke å sende avtalen om fylkessamanslåing ut på høyring. Eit forsøk på å stogge reforma fekk berre to røyster.

Røysting om vestlandsregionen i fylkestinget

INGA STØTTE: Arnstein Menes og Jakob Andre Sandal forsøkte å stogge vestlandsregionen på fylkestingsmøtet i dag, men fekk ingen støtte av dei andre fylkespolitikarane.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Regionreforma er forhasta og utan innhald. Det er eit sentraliseringsarbeid som raserer landet vårt. Slik skildra senterpartipolitikar Arnstein Menes arbeidet med å slå saman tre vestlandsfylke.

Mange i fylkestinget er kritiske til vestlandsregionen, men Menes fekk ikkje med seg meir enn ein annan på eit forslag om å skrinleggje heile greia på fylkestinget i dag.

Les også: Dette er vestlandsregionen

– Mitt ankepunkt mot denne reforma er at vi endå ikkje veit kva oppgåver den skal ha. Då blir det berre ei sentralisering, og særleg ei indre sentralisering på Vestlandet. Det sa Jakob Andre Sandal frå SV som støtta Menes sitt forslag.

Arnsteiun Menes på talarstolen i fylkestinget

FÅNYTTES: Arnstein Menes ville stogge reformarbeidet på fylkestinget tysdag, men stod åleine i lag med SV sin representant Jakob Andre Sandal

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Sett bort ifrå dei to var eit samla fylkesting klare til å høyre folk si meining om samanslåinga. Også mange av dei største kritikarane av reforma.

Aleksander Øren Heen på talarstolen på fylkestinget
Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg tenkjer at det er fornuftig å høyre folk si meining i denne saka. Eg trur det er mange som har eit engasjement der ute, og då må vi jo høyre det, sa Aleksander Øren Heen frå Senterpartiet.

– Det er ille om vi skal stogge no

Nokre av fylkespolitikarane tykte forsøket på å stogge reforma allereie no var merkeleg.

– Det er veldig ille og rart om vi no skal sei nei etter å ha jobba med ei avtale over eit år. No må vi høyre kva folket seier, sa Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet.

Ho var kritisk til motstanden mot storfylket som kom fram på møtet i dag.

– Vi kan ikkje berre sitje i ei grøft medan andre bestemmer for oss. No må vi vere med på å bestemme. Eg trur vi gjer oss sjølve ei bjørneteneste om vi ikkje tek innover oss at Storting og regjering har vore klar på at dei ønskjer samanslåing av fylke.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane

MØTER IGJEN I DESEMBER: No har fylkestinget sendt intensjonsplanen om fylkessamanslåing ut på høyring. På fylkestinget i desember skal dei bestemme endeleg om dei vil slå seg saman med Rogaland og Hordaland.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Har ikkje trua på at det blir region

Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet røysta også for å sende intensjonsplanen ut på høyring. Han gjorde det likevel klart at han ikkje har trua på at det kjem til å bli noko av.

– Vi var jo komne nesten like langt med dette arbeidet i 2004. Då stranda det fordi ein såg at vi ikkje har behov for regionar eller fylke i eit land med så lite folk, og det kjem til å skje igjen, sa Djuvik.