Hopp til innhold

Bitcoin-handlar saksøkjer Sparebanken Sogn og Fjordane

Bitcoin-handlar gir ikkje opp kampen om å opprette bedriftskonto for verksemda si. No går han til sak mot Sparebanken Sogn og Fjordane.

Sturle Sunde

GÅR TIL SAK: Sturle Sunde har prøvd å få bedriftskonto til bitcoinverksemda si sidan 2013 utan hell.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Dei nektar meg å drive næring. No ser eg ingen annan utveg enn å be retten avgjere det, seier Florø-gründeren, Sturle Sunde.

Han er blant dei største innan bitcoinhandel i Noreg. Verksemda hans er blitt sjekka og godkjent av Finanstilsynet, og no krev dei at drifta skjer over bedriftskonto så snart som råd.

Det var Firdaposten som først skreiv om Sunde sitt søksmål.

Forbod mot slike kontoar

Men Sparebanken kan ikkje seie ja til Sunde sitt ønskje om bedriftskonto. Og medan Sunde seier at banken ikkje har system for gjere kontroll og følgje transaksjonane til kundane, seier banken det motsette.

– Vi har gode system og rutinar for forsterka kundetiltak som til ein kvar tid etterlever krava i kvitvaskingslova. Men vi får ikkje dei naudsynte opplysningane vi treng for slike kundetiltak når det gjeld transaksjonane til ei bitcoinverksemd, seier Asgeir Bjørdal, advokat i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Bjørdal seier han uttaler seg på generelt grunnlag og ikkje har høve til å kommentere konkrete kundeforhold.

– Når vi ikkje får nødvendig informasjon i samsvar med kvitvaskingslova, har vi forbod mot å etablere kundeforhold slike verksemder, fortel han.

– Eg må ha system for kontroll på mine kundar, det må også banken ha. Dei vrir seg fordi forsterka kundekontroll er ekstraarbeid, meiner Sunde.

Gir ikkje opp

Han har prøvd å få bedriftskonto sidan 2013, men fått nei kvar einaste gong. Då Sunde kravde å få bruke sin private konto til bitcoin-handel når Nordea nekta han å opprette ein bedriftskonto, reagerte banken med å seie han opp som kunde.

– Denne gongen reknar eg med at det skal gå. Eg har gode kort på handa og avslaget til Sparebanken er så dårleg at det kan ikkje gå gjennom, seier Sunde.

Men risikoen er stor.

– Dei er ein stor og mektig motstandar. Det er jo opplyst og vedteke at bankar ikkje bryt lova, så det må jo vere eg som gjer noko gale. Men det er det verkeleg ikkje.