Hopp til innhold

Florø-gründer gir ikkje opp kampen om bankkonto

Nordea var i sin fulle rett til å nekte ein av Norges største bitconhandlarar konto, slår Oslo tingrett fast. – Dommen blir anka, svarar Sturle Sunde.

Sturle Sunde

GIR IKKJE OPP: Sturle Sunde er ikkje mistenkt for å ha gjort noko kriminelt. Likevel vart han kasta ut av Nordea som kunde fordi dei fryktar at kontoen kan brukast til straffbare handlingar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Gründeren frå Florø tok Nordea til retten for å få tilbake kontoen han vart fråteken i fjor .

Sturle Sunde har i mange år drive kjøp og sal av bitcoin. Han er i dag av dei største vekslarane i landet av den digitale valutaen. Banken valutaen kan brukast til alvorlege kriminelle handlingar.

– Her blokkerer norske bankar nyskapande teknologi, og angrip grunnleggande fridom som retten til å drive næring, skriv Sunde i ei pressemelding.

Omset for 60 millionar

Saka byrja å rulle i fjor vår då Nordea oppdaga kraftig auke i tal transaksjonar på Sunde sin private konto. I juni bestemte dei seg for å seie opp kontoen. Månaden etter nekta dei han å opne bedriftskonto.

Ifølgje rettsboka omset Sunde for kring 60 millionar norske kroner i månaden i den digitale valutaen.

Sunde er ikkje sjølv mistenkt for kriminell verksemd, men med slike beløp i omløp meiner banken at det er stor risiko for at kriminelle kan kvitvaske pengar, finansiere terrorhandlingar eller gjere andre straffbare handlingar.

– Er sporbar

Utan regulering av handelen meiner Nordea at dei ikkje har kontroll over, eller kan spore pengane, slik dei er pålagde. Handelen er i dag ikkje regulert i Norge. Innan EU er det teke initiativ til ei slik regulering.

Både retten og Kripos er samd i at den digitale valutaen er vanskeleg å spore. Dette synet deler ikkje Sunde som sjølv har gjeve opplysningar til politiet.

Han seier det er mogleg å knyte betaling frå konto og bitcoinlommebok.

– Eigarar av bitcoin har følgjeleg blitt identifisert, arrestert og dømde etter rapportering frå bitcoinhandlarar og etterfølgande politietterforsking, seier han.

Kontaktar kunden

– Bitcoin har eigenskapar som gjer den betre eigna til å overvinne kvitvasking enn kontantar og andre anonyme betalingsmidlar, legg han til.

Retten meiner tryggleiksrutinane til Sunde er gode nok til å avdekke ulovlegheiter.

Florømannen meiner å kjenne kundane sine, følgjer magekjensla og kontaktar kunden om han mistenkjer ulovlegheiter. I tillegg nyttar han eit dataprogram som avslører tilknyting til det mørke nettet.

– Dette tilseier at det er større grad av tryggleik, men ikkje slik at risikoen er redusert tilstrekkeleg, skriv tingretten.

Bryt fleire lover

Dette er andre gang at Sunde taper ei sak mot Nordea. I november kravde han å få tilgang til kontoen til hovudsaka kom opp no i april .

Også den saka tapte florømannen, og måtte i staden betale 300.000 kroner i sakskostnader . No må han ut med ytterlegare 390.000 kroner.

Når han likevel ankar dommen, er det fordi han meiner banken bryt lovene om finansavtalar, konkurranse og kvitvasking.

– Det er eit demokratisk problem om nyskapande og lovleg verksemd blir hindra frå å medverke i samfunnet fordi bankane faktisk ikkje held følgje i utviklinga, skriv Sunde.