Blei kasta ut av Nordea fordi dei fryktar at bitcoin kan brukast til kvitvasking og terror

Han er ein av dei største innan bitcoin i Norge, men blei kasta ut som kunde i Nordea sidan dei meiner at kryptovaluta kan brukast til alvorlege kriminelle handlingar. No barkar partane saman i retten.

Sturle Sunde

KLAR FOR NY RETTSSAK: Bitcoinvekslar Sturle Sunde frå Florø har gått til sak mot banken Nordea.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Dette er eit spørsmål om ein skal få lov til å drive næring her i landet eller ikkje, seier Sunde, som er ein dei største innan kryptovaluta i Norge.

Denne veka møter florøværingen storbanken ansikt til ansikt i Oslo tingrett. Han meiner at bankane må akseptere handel med bitcoin og andre såkalla kryptovalutaer.

Rettssaka i Oslo tingrett er slik sett starten på ein kamp mellom den nye økonomien og den tradisjonelle bank-styrte økonomien.

Blei sagt opp som kunde

Sturle Sunde har drive med kjøp og sal av såkalla bitcoin i mange år, og er i dag ein av dei største vekslarane av denne valutaen i Norge.

Sunde kravde å få bruke sin private Nordea-konto til bitcoin-handel når banken nekta han å opprette ein bedriftskonto. Då reagerte banken med å seie han opp som kunde.

– Då Nordea nekta selskapet konto, så meinte eg at eg burde få lov til å handle vidare frå min private konto fram til saka om selskapskontoen var avgjort, seier Sunde.

Men det var Nordea ikkje samde i og partane hamna i retten første gong før jul. Då slo Oslo tingrett fast at Nordea kunne kutte Sunde som kunde. Men den store bitcoin-handlaren gir seg ikkje.

Gir ikkje opp kampen mot banken

No vil han utvikle ei nettplattform for kryptovaluta der det skal vere umogleg å bruke bitcoin til kvitvasking og det styresmaktene fryktar aller mest – terrorplanlegging.

– Den nye plattforma som eg skal utvikle skal nettopp tilfredsstille alle krav til kundekontroll og tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering, seier Sunde.

NRK har også vore i kontakt med Nordea for kommentarar til rettssaka som startar i torsdag.

– Denne side har ingen kommentarar til saka på det noverande tidspunkt, skriv Hallvard Gilje Aarseth, som er advokat for Nordea i ein SMS.