Hopp til innhold

Biskop vil ikkje ha oppdrettsanlegg nær heilag øy

Biskopen i Bjørgvin protesterer mot oppdrettsanlegg ved Selje kloster. – Vil forstyrre opplevinga av å bli sett tusen år tilbake i tid, seier han.

Selje kloster

VISUELL FORUREINING: – Eit oppdrettsanlegg vil forstyrre den visuelle horisonten rundt øya, seier Halvor Nordhaug, biskop i Bjørgvin.

Foto: Janne Gårdsvoll Vatne

Ytst i Nordfjord i Sogn og Fjordane ligg øya Selja. Her dreiv ei kongsdotter frå Irland i land på 900-talet, og sidan kom benediktinarmunkar til øya og bygde eit kloster på myten om Sankt Sunniva.

Spol tusen år fram og ein kommunedelplan for sjøareala rundt øya er ute på høyring.

Eit av spørsmåla er kor vidt det skal opnast for oppdrettsanlegg.

– Visuell støy ved klosteret

Eit slikt anlegg vil øydelegge den visuelle horisonten og «forstyrre opplevinga av å bli sett tusen å tilbake i tid», seier Halvor Nordhaug.

Det var Fjordenes Tidende som først omtalte saka.

Han er biskop i Bjørgvin, og har kasta seg inn i debatten.

– Vi har her ei konflikt med næringsinteresser og tidlause, åndelege verdiar. Dersom kommunen har som ambisjon å bli eit viktig reisemål for pilegrimar, må dei vise at dei forvaltar den store arven som klosterøya representerer.

Den norske kyrkja har blitt kritisert for å ha ein «næringsfiendtleg» og «miljøaktivistisk» slagside.

I 2015 meldte Olje- og energiminister Tina Bru seg ut av kyrkja i protest etter at biskopane Tor B. Jørgensen og Olav Øygard tok til orde for å bremse oljeproduksjonen.

– Kyrkja er så overmanna av nestekjærleik og Frp-forakt, at dei ikkje innser at dei er venstrevridde, sa Minerva-redaktør Nils August Andresen til avisa Vårt Land i 2018.

Biskopen i Bjørgvin avviser at kommunedelplanen i Stad er eit politisk spørsmål han burde haldt seg unna:

– Det er ikkje ofte at eg blandar meg inn i saker av denne typen. Men som biskop har eg rett til å uttale meg om byggesaker i nærleiken av kyrkjer, så heilt framand er ikkje dette.

Selje kloster - Sunnivahola

YTST I NORDFJORD: Her drev ei kongsdotter frå Irland i land på 900-talet. Spol tusen år fram og ein kommunedelplan for sjøareala rundt øya er ute på høyring.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Å sette tæring etter næring

Alfred Bjørlo (V) er ordførar i Stad kommune. Han understrekar at «alle innspel er velkomne i ein brei høyringsprosess» og at han er klar over at mennesket ikkje lever av brød åleine.

Men det lever ikkje av ånd åleine heller, minner han om, i ein humoristisk tone:

– Eg håpar kyrkja har forståing for at svært få i vår tid har Jesu evner til å mette 5000 menneske med berre to fisk. Vi er i Noreg i 2021 nøydde til å ha høvelege areal til å lage mat både på sjø og land, utan å stø oss på at det skal skje ved eit mirakel.

«Ikkje ein gong det uregjerlege Stadhavet vernar seg sjølv lenger», skriv pensjonert lærar og medlem Stad Landskap, Dagfred Berstad, i eit høyringssvar til kommunen.

Han er takksam for at Bjørgvin-biskopen har involvert seg:

– Eg ønskjer generelt alle velkomne med meiningar om natur og miljø. Kyrkja og biskopen sitt syn ser vi som høgst relevant.

Marita Aarvik er leiar i foreininga Venner av Selja kloster.

– Vi har lagt inn den same uroa som biskopen. Om klosteranlegget skal vere ein plass som attspeglar fortida, så må andre ting vike, seier ho til NRK.

Ulike fiskefelt i det aktuelle området.

SKITT FISKE: Ulike fiskefelt i det aktuelle området. Selja øy midt i biletet.

Foto: Fiskeridirektoratet

Vil ikkje kommentere utspelet til biskopen

Oppdrettsselskapet Mowi er blant dei som har vore involvert i planprosessen i Stad.

Miljø- og myndigheitskontakt i selskapet, Arne Kvalvik, vil ikkje kommentere utsegna til biskopen, men viser til at «planprosessar handlar om å vareta eit vidt spekter av interesser».

– Vi har spilt inn nokre forslag og desse vil naturleg nok vere gjenstand for vurderingar, seier han.

15. mars meldte Fjordenes Tidende at Mowi slår frå seg planane om «eit grønt oppdrettsanlegg» i området Dragsfalla i Sildegapet, utanfor Selja, etter motstand frå lokale fiskarar («Dette er jo matfatet vårt»).

Kampen er likevel ikkje over, meiner biskopen:

– Dersom det ikkje lenger er aktuelt med noko anlegg, blir eg glad. Men det kan jo dukke opp liknande planar seinare.

(Opplysningen om det konkrete anlegget i Dragsfalla er lagt til etter publisering.)

Den store firkanten er eit fiskefelt som fiskarar i generasjonar har nytta til inntektskjelde.

IKKJE-GEISTLEG MOTSTAND: Firkanten midt i biletet har fått fiskarar til å reagere. Det har vore nytta som fiskefelt i generasjonar.

Foto: Fiskeridirektoratet