Medan menn må betale ein eigendel på rundt 1200 kroner for sterilisering, må dei fleste kvinner ut med 6000 kroner.
Men metoden som Nordfjord sjukehus tilbyr kostar berre 1500 kroner.
- Dette er betre for pasienten både fordi det er mindre risiko ved eit slik inngrep og fordi det er billigare, seier lege Bo Bergstrøm ved Nordfjord sjukehus.
- Det spesielle er at vi berre nyttar lokalbedøving og nyttar ein annan operasjonsteknikk, fortel Bergstrøm.
Få kvinner vel sterilisering
I 2001 kom det nye eigendelar for sterilisering. Og sidan den vanlege forma for operasjon for kvinner er langt meir omfattande enn for menn, vart maksimalprisen sett til 6000 medan menn maksimalt skal betale 1200 for sterilisering. Resultatet av dette vart at talet på kvinner som steriliserte seg raste nedover etter 2001.
Ulovleg
Ifølgje likestillingsombod Kristin Mile er det grundig slått fast at dette er diskriminering.
- Både likestillingsombudet og klagenemnda for likestilling konkluderte med at det er lovstridig å ta ulik betaling frå kvinner og menn, seier Mile.
Meir rettferdig
Men ingenting er gjort sidan den tid, og no håpar likestillingsombodet at den nye metoden i Nordfjord kan gje eit meir rettferdig tilbod.
- Når kostnaden ved inngrepet blir mykje likare, bør det òg vera råd å ha lik eigendel, meiner likestillingsombodet.