Hopp til innhold

Billig i drift - men lite populær

Det skortar ikkje på ladepunkta for elbil i Sogn og Fjordane. Men det skortar på elbilar. Berre 27 av dei 10.000 elbilane i Noreg, rullar rundt i Sogn og Fjordane.

Eirik Dahl

INN FOR LADING: Eirik Dahl set bilen til lading nedanfor sentralsjukehuset i Førde.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– For dei som har to bilar, så er eg overraska over at det ikkje er fleire som tenkjer som meg, seier Eirik Dahl, som i fjor kjøpte seg elbil.

Dahl nyttar bilen til jobb og småærend i distriktet, og for han har miljøvenleg bilkøyring og små driftsutgifter vore dei tyngste argumenta. Når Dahl i tillegg er blant dei som trur det vil kome ein bompengering rundt Førde i nær framtid, så trur han at politikarane sine gulrøter for elbilbrukarar vil kome han endå meir til gode.

Nedst på statistikkane

Men det er ikkje alle i Sogn og Fjordane som er like begeistra som Dahl. Fylket er på nest siste plass over salsstatistikkane av elbil i Noreg. Berre Finnmark har færre elektriske bilar å skilte med.

Men trass i at berre 27 elbilar høyrer heime i Sogn og Fjordane, så har det blitt oppretta 90 ladestolpar i fylket, fordelt ut over 38 stader. Og i 2012 kom det første hurtigladepunktet på ferjekaia i Oppedal. Her kan bilbatteriet fullladast på 30 minutt.

(Saka held fram under radioinnslaget)

NOK PLASS: Bli med Eirik Dahl på køyretur i elbilen hans.

– Potensialet er der

På AutoForum i Førde, der dei nyleg har fått inn elbil i sortimentet sitt, trur dei årsaka til det labre salet kan vere lite kjennskap til elbilar og skepsis til den låge køyrerekkevidda som mange elbilar kan ha.

– Ein elbil har avgrensa køyrelengd, og Sogn og Fjordane er eit grisgrendt område, det må ein berre erkjenne. Eg trur potensialet for elbil er der, og eg trur me skal sjå ei salsauke, også i Sogn og Fjordane, i den næraste framtida, seiar dagleg leiar hjå AutoForum i Førde, Dag Eikeland.

Statistikkane visar ei positiv salsutvikling det siste året, og det er venta å vekse i tida som kjem. På nasjonalt plan vart det selt berre 710 nye elbilar i 2010, medan det i 2012 vart selt heile 4655 nye elbilar i Noreg. Reint statistisk har også veksten i Sogn og Fjordane vore stor dei siste månadene. 14 av dei totalt 27 elbilane i fylket vart selt i siste kvartal av 2012, viser statistikk frå Grønn Bil.

(Saka held fram under biletet)

Ladepunkt

GRATIS PARKERING: I Sogn og Fjordane er det ingen kamp om parkeringsplassane for elbil. Her ved Utstillingsplassen i Førde.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Trenden vil kome

Erik Solheim i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane trur også han at dei lange avstandane i Sogn og Fjordane kan vere årsaka til det labre elbilsalet, i tillegg til at han trur skepsisen til ny teknologi er større i distrikta enn i byane. Men han har trua på at trenden kan snu.

– Trendane som gjer seg gjeldande i ei store byane, kan etter kvart breie seg utover resten av landet også, seier miljøforkjemparen, som sjølv ikkje kjenner nokon med elbil i Sogn og Fjordane.

Fylkesvis fordeling av registrerte elbilar

Fylkesvis fordleing av registrerte elbilar

Fylke

Elbilar per 31.12.2012

Elbilar per 10.000 innb.

 Akershus

2888

22,99

 Oslo

 2266

15,41

 Sør-Trøndelag

760

14,61

 Hordaland

 1048

 12,80

 Buskerud

 547

 10,60

 Rogaland

 820

 9,80

 Vest-Agder

 277

 8,80

 Møre og Romsdal

314

 7,68

 Vestfold

233

 4,54

 Nord-Trøndelag

88

 3,98

Østfold

180

3,87

 Aust-Agder

 28

 3,82

 Nordland

 132

 3,40

Hedmark

68

 2,16

Oppland

58

 2,06

Finnmark

24

 1,93

Sogn og Fjordane

36

 1,88

Telemark

58

 1,49

Troms

102

1,22

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: Grønn Bil/OFV
Merknad: Tal over selte elbilar i tabellen over inneheld også sal av plug-in hybridbilar.