Hopp til innhold

Nesten ingen elbilar

88 ladepunkt til åtte elbilar i Sogn og Fjordane.

Elbil
Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

- Eg har ikkje sett nokon elbilar her så langt.

Leiar for kommunalteknikk i Sogndal, Kristian Losnegård Karlsen, konstaterer at den eine elbilen som finst i kommunen har gode forhold om eigaren bestemmer seg for å lade på ein av kommunen sine to ladestasjonar i sentrum.

- Eg går forbi her kvar dag og eg har ikkje sett nokon elbil, men det kan jo hende eg har gått glipp av at det har hendt.

8 bilar, 88 ladepunkt

Det rullar i dag 3392 elbilar på norske vegar som kan nytte seg av 2666 offentlege ladepunkt. I Sogn og Fjordane finst det berre 8 slike bilar - som til gjengjeld har 88 ladepunkt fordelt på ulike offentlege stader rundt om i fylket..

- Inga god forklaring

Ole Henrik Hannisdal er prosjektleiar i Grøn bil og undrar seg over kvifor nesten ingen vil ha elbil i Sogn og Fjordane. Han har inga god forklaring på at det berre har kome ein ny elbil til fylket dei siste åra.

- Vi trur kanskje det dreiar seg om at nokon går føre og viser at det er mogleg. Ein kan til dømes køyre avgiftsfritt på ferjer, noko som gjer at det også kan vere økonomisk med elbil sjølv om ein ikkje bur i byen. I Møre og Romsdal har ein betrakteleg fleire elbilar, sjølv om ein har ein tilsvarande geografi.