Hopp til innhold

Elbil-satsing i Sogn står i fare

Med den norske elbilprodusenten Think sine økonomiske problem, brenn det eit blått lys for Lærdal kommune si satsing på den miljøvennlige elbilen.

Elbil.

Illustrasjon

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Think Global AS klarer ikkje å levere bilane som ville gjort kommunen til ein føregangskommune for bruk av elbil.

- Det er ganske frustrerande. Vi har hatt kontakt med dei kvar veke etter at finanskrisa tok til, men det har rett og slett ikkje blitt noko løysing, resignerer leiar i elbilutvalet i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Lærdal er optimalt

For at Think skal få levere bilane til Lærdal, slik at kommunen får halde fram med elbilsatsinga , treng bliprodusenten langsiktig kapital. Pengane kom ikkje som venta gjennom tiltakspakka.

LES OGSÅ: Ladestasjonar for elbil til distriktet

- Med den batterikapasiteten til Think-bilane, så var Lærdal optimal. Og eg er sikker på at vi hadde hatt eit vellukka prosjekt som andre kunne fått nytte av, seier Solheim.

Vurderer utlandet

Salsjef i Think, Sjur Heglund, seier at om lag 600 bilar er førehandsbestilte og ventar på å kome i produksjon. Med den økonomiske situasjonen står produksjonen i fare fro å bli flytta ut av landet.

- Vi avheng av langsiktig kapital. Det blir jobba aktivt med å finne investorar. Vi snur alle steinar. Det er lansert mogleg produksjon i Sverige, England, USA, seier Heglund.

- Har ikkje råd

Think-bilen er den einaste elbilen på marknaden med 18 mils rekkevidde. Planen er at Lærdal skal nytte bilane i mellom anna heimehjelpstenesta. Solheim trur bruk av elbil vil spare kommunen for halva av tidlegare drivstoffutgifter. Han tykkjer det er sørgjeleg om elbilen forsvinn frå landet.

- Når vi ser resten av verda korleis bilfabrikkar slit, og vi sit her på den mest framtidsretta og det mest miljøvenlege alternativet, så skal vi gje slepp på den teknologien. Det har vi ikkje råd til å misse, seier han.