Hopp til innhold

Her kjem det 5 ladepunkt for elbil

Sjølv om det allereie finst 88 ladepunkt til 8 elbilar i Sogn og Fjordane, så kjem det no fem nye i Måløy.

Ladestasjon for elbil i Måløy

LADEPUNKT: Snart står fem ladepunkt for elbil klare i Måløy.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Dersom du er ein av dei få som har elbil i Sogn og Fjordane, så har du snart 93 ladepunkt over heile fylket du kan nytte deg av.

Kan lade ti elbilar samtidig

Vågsøy kommune har i samarbeid med Vågsøy Parkering A/S montert og klargjort fem nye ladepunkt.

Kvar av dei fem ladestasjonane har uttak for to bilar, og til saman vert det mogleg å lade ti elbilar samtidig i Måløy.

Dei fem ladepunkta er strategisk plasserte. Tre av dei står i Sjøgata, medan dei to siste står i Gate 1.

- Snart klare til bruk

Det er få slike ladepunkt i dette distriktet. Næraste ladestasjon for elbil er i dag på Nordfjordeid, der det er fire ladestasjonar.

- Det einaste som står att er å programmere ladekorta. Det håpar vi vil skje i løpet av kort tid, seier Helge Hjelle i Vågsøy Parkering A/S til NRK.