Hopp til innhold

Han er ein einsam elbil-entusiast

Trass i mykje snakk om meir miljøvenleg transport, er det få som har tatt steget og kjøpt seg elbil. Vidar Halland er ein av dei sju som har investert i fylket.

Vidar Halland ved elbilen sin

STOLT OG MILJØVENLEG: Vidar Halland er svært godt nøgd med elbilen sin.

Foto: Hilde Zahl / NRK

– Det er eigentleg kona som bruker den mest, då. Eg sit berre på, seier han.

Pendlar

Han bur på Skei, og jobbar i Førde. Og han meiner at el-bilen er det perfekte valet som bil nummer to for dei som pendlar.

– Me betaler jo ikkje vegavgift, har gratis parkering, ein får køyra i taxi-fila, og me passerer gratis i bommane. Det er mykje pengar å spara på det, seier han.

Til no er det satt opp 48 ladestasjonar i fylket. Og når det berre er sju elbilar i heile Sogn og Fjordane, så har dei lite problem med å finna seg parkeringsplass.

– Berre i Førde har me no seks ladepunkt. Tanken er at dei skal vera der folk jobber, seier han.

Sjølv jobber han i Sunnfjord Energi. Så ein kan jo spekulera i om han har ein særleg kjærleik til elektrisitet, når han omgjer seg med den både til jobb, på jobb og frå jobb.

Dyr i innkjøp

Sjølv om bilen er billeg i drift, så er den ganske dyr å kjøpa. Halland meiner det er mykje av grunnen til kvifor så få investerer i dei.

– Bilen er for dyr. Eg betalte 300 000 for denne. Den skulle komt ned i 200 000. Då trur eg salet hadde auka, seier Halland.

Høyr utdrag frå føremiddagsendinga med Stein Jarle Aase:

Mykje fres i lita innpakking

Bilen går som ei kule. Det er så god akselerasjon i den at Halland har blitt ståande fast.

Innsida av ein elbil

VANLEG BIL: Elbilen ser heilt vanleg ut innvendig, med luftputer til både førar og passasjer.

Foto: Hilde Zahl / NRK

– Det var ein dag med mykje is på vegane. Då blei eg berre ståande å spinna, for det er så god driv i den, fortel han.

Men ulendt Sogn og Fjordane-terreng er inga hindring for den vesle bilen.

– Den har så god framdrift, at den kjem til nesten over alt, seier Halland.

Stillegåande

Og bilen lagar nesten ikkje lyd. Halland fortel at ein gong han var ute og sykla, sneik kona seg opp bak han med nedrulla vindauge. Då ho var rett ved sida av han, ropte ho ut. Og Halland var nær ved å gå i grøfta.

– Eg kvapp så vanvittig. Eg høyrte kona før eg høyrte bilen, fortel han med glimt i auget.

Elbil ladestasjon med nøklar

LÅST: Når ein kjøper elbil, får ein med ein nøkkel som går til alle ladestasjonar.

Foto: Hilde Zahl / NRK