Hopp til innhold

Misforståing har gitt nesten gratis ekspressbuss

Førde – Bergen for 19 kroner. Eller kva med Bergen – Sogndal for 29 kroner? Eit «smutthol» i busstakstane gjer lange bussreiser ekstremt billege.

Helene Narvarsete

BILLETTKLUSS: Helena Navarsete trudde ho reiste med billege bussbillettar. Det viste seg å vere ein plassreservasjon.

Foto: Maria Svedal / NRK

For eit halvt år sidan dukka tilsynelatande ekstremt billige bussbillettar opp på Vestlandet.

29 kroner på strekninga frå Sogndal til Bergen, ein tur som tek om lag fire og ein halv time med buss.

Eller kva med 19 kroner for å ligge strak i eit behageleg sete på den 17 mil lange turen frå Førde til Bergen?

Slik kan det kanskje ha sett ut, når ein nyttar rabattkodar hos Nor-Way og bestiller billett på nett.

Men desse rabattkodane gir eigentleg berre ein setereservasjon, ikkje ein billett.

I praksis har likevel fleire – i god tru – brukt det som eigentleg er kvittering for ein setereservasjon som billettar på bussen. Kvitteringa har blitt vist fram som billett og blitt akseptert av bussjåførane.

Ei av dei som har nytta seg av «smuttholet» er Helena Navarsete.

Helene Navarsete
Foto: Maria Svedal / NRK

Ein setereservasjon

Navarsete studerer i Bergen, men reiser ofte heim til foreldra sine i Sogndal. Ho har nytta seg av billettypen til den nette sum av 29 kroner.

– Eg vil påstå at alle vennane mine frå Sogndal som studerer i Bergen brukar billetten. Det har det aldri blitt sagt noko på, seier ho.

Ifølge ho tipsa ein bussjåfør henne om billetten.

Då ho skulle heim til Bergen etter juleferien blei billigbussen likevel brått ikkje så billig lenger.

Denne bussjåføren fortalde at billetten ho hadde kjøpt var ein setereservasjon. Reservasjonen var ikkje gyldig som billett på strekninga.

29-kornersbilletten

Slik ser 29-kronersbilletten ut.

Foto: Skjermdum / Privat

Navarsete måtte punge ut fullpris på 800 kroner for ein ny billett. Studentrabatten gjeld nemleg ikkje dersom du kjøper billett på bussen. Det var Sogn Avis som først fortalde om Navarsete si oppleving.

Har du nokon gong stussa over at billetten berre kosta 29 kroner?

– Definitivt. Eg synest det var kjemperart, men eg har berre tenkt at det har blitt ei ordning på det sidan vi har blitt Vestland og eg betaler så mykje for ein periodebillett.

Kjenner ikkje til forvirringa

Det er fylkeskommunale Skyss som står for kollektivtransporten i Vestland. Dei har avtalar med kommersielle busselskap som Tide Buss, som mellom anna køyrer Sognefjordekspressen mellom Bergen og Sogndal.

Viss du har Skyss-månadskort for alle sonene du skal busse gjennom, slepp du å betale for ekspressbussen i det heile. Men dette har dei færraste.

29-kronesbilletten skal då sikre at Skyss sine kundar med periodekort (månadskort) får plass på bussen, seier produktsjef Svein Helge Hauge, i Tide buss.

Svein Helge Hauge, Tide/Nor-Way Bussekspress
Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Viss vi sel ut bussen vår blir han utseld. Det kjem ikkje ein buss nummer to.

Men mange reisande har berre månadskort for deler strekninga ein ekspressbuss køyrer. Helena Navarsete hadde berre periodekort for sone A i Bergen, og skulle derfor ha betalt for dei andre sonene. Men i eit halvt å reiste ho for 29 kroner turen, heilt til ho skulle heim frå juleferie.

Hauge i Tide Buss er ikkje kjent med at billettordninga har skapt forvirring.

– Vi synest i utgangspunktet at den informasjonen som ligg ute er god, men i og med at vi har komme opp i ei sak der det har vore misforståing ønsker vi å gå igjennom informasjonen på nytt.

Når det gjeld prisen Navarsete måtte betale, seier han at den stemmer.

For at vi skal kunne tilpasse vår produksjon best mogeleg etter faktisk etterspurnad oppfordrar vi våre reisande til å kjøpe billettar på nett, og gjerne i god tid i forkant av reisa.

Pressekontakt Øyvind Strømmen i Skyss seier at dei har registrert nokre førespurnader til kundeservice om rabattkoden, men i lite omfang.

– Når det gjeld denne problemstillinga oppfordrar vi kundane våre til å sette seg inn i kva billettsamarbeid og reglar som gjeld før dei reiser.

Ifølge han informerer også Skyss på nettsidene sine om desse reglane.