Hopp til innhold

Bilisten køyrde på hjorten og fekk «kjeft» fordi han ringde naudnummeret

Då den uheldige bilføraren køyrde på ein hjort og ringde 112, fekk han klar beskjed om å stille seg i ny kø på 02800. I mellomtida leid dyret med sterke smerter.

Erling Tore Karstad sitt Facebook-innlegg om hjortepåkøyrsler.

PÅKØYRD: Denne hjorten blei påkøyrd. Bilføraren gjorde som han skulle og ringde politiet. Men det var vanskeleg å koma igjennom til operasjonssentralen.

Foto: Skjermdump, Facebook

Det er jeger og ettersøksleiar Erling Tore Karstad i Florø som har delt historia til bilisten på Facebook.

Bilføraren hadde først prøvd å ringe det ordinære nummeret utan å få svar. Etter 20 minutt blei linja broten.

Då han ringde naudnummeret fekk han «kjeft» og beskjed om å ringe på nytt til 02800.

Karstad er sterkt uroa for at hjort eller andre dyr blir liggande og lir ein smertefull død, dersom ikkje politiet er tilgjengelege på telefon.

– Då gjer dei ikkje jobben sin, slik eg ser det. Det er slett ikkje første gongen dette har skjedd, seier han.

Lir ein smertefull død

Karstad har i ei årrekkje vore ein av dei som rykker ut når eit dyr blir påkøyrd.

Han opplever stadig at det er vanskeleg å nå fram til politiet og er redd at folk gir opp når dei ikkje får svar.

Då kan det vere at påkøyrde dyr ikkje blir leita etter.

– Dei som blir påkøyrde og er sterkt skadde og spring til skogs, som vi ikkje får greie på, blir kanskje liggande dagar og veker.

Det betyr ein sikker og smertefull død.

– Ikkje haldbart, seier Karstad.

Nesten 12.000 hjortar, rådyr og elg blei påkøyrde i 2019, rapporterte Norsk institutt for naturforsking tidlegare i vår. Over halvparten døyr.

Erling Tore Karstad sitt Facebook-innlegg om hjortepåkøyrsler.
Foto: Skjermdump, Facebook

– Liv og helse først

Kjersti Eidsnes er sjef for operasjonssentralen og telefonsentralen i Vest politidistrikt.

Ho tykkjer det er leitt at folk opplever å ikkje kom igjennom til politiet på 02800 når dei har køyrd på eit dyr.

– Når du ringer 02800 ser vi ikkje kva samtalar som kjem inn og desse blir tatt i tur og orden. Dessverre er det slik at det er så travelt av og til at vi må prioritere 112.

Men no vil ho minne kollegaene sine på at det er å rekne som ein naudssituasjon når eit dyr lir og har fått store skadar.

Då må dei akseptere at folk brukar naudtelefonen for å få hjelp.

– Men om det er travelt, er det slik at liv og helse hos oss menneske kjem framfor dyr. Men vi skal ta dei samtalane der om vi har kapasitet, slår Eidsnes fast.

Stressande situasjon

Ettersøksleiar Erling Tore Karstad seier at han og dei andre som leitar etter og avlivar skadde dyr i trafikken, stadig får telefonar direkte frå folk.

Slik skal det ikkje vere, politiet må ta eit tydelegare ansvar for dette, meiner Karstad.

– Eg opplever at folk som køyrer på dyr synest det er opprivande. Dei er sjølvsagt stressa, for dei har gjerne eit dyr som ligg og sparkar i grøfta, seier den røynde jegeren.

Eidsnes i politiet forsikrar no at ho vil gå ein runde med dei som tar imot telefonane i Vest politidistrikt.

Ho har følgjande råd til dei som opplever å køyre på eit hjortevilt:

  • Ring politiet på 02800, dersom du ikkje får svar, ring 112.
  • Som bilist pliktar du å hjelpe dyr i naud.
  • Om du ikkje får kontakt, så kan du avlive dyret sjølv, men berre om du har kunnskap og erfaring.