Hopp til innhold

Bil køyrde i elva – tre har berga seg på land

Ein bil køyrde onsdag kveld i Olsbøelva i Bremanger. Tre personar blir køyrd til legevakt for sjekk.

Ulukka skjedde i ein sving ved ei bru i bygda Rugsund og det skal ha vore svært glatt på staden då bilen hamna i elva.

– Dette kunne gått langt verre, men til alt hell ser det ikkje ut for at nokon har fått alvorlege skadar, seier Espen Gulliksen i politiet i Bremanger til NRK.

Føraren av bilen var i 60-åra, medan dei to passasjerane var i 20-åra. Dei klarte sjølv å kome seg på land etter ulukka.

Gulliksen i politiet var like i nærleiken då ulukka inntraff og kunne raskt starte arbeidet på ulukkesstaden.

Det blir meldt om glatte vegar ei rekkje stader på Vestlandet i kveld, blant anna på E39 mellom Sandane og Anda ferjekai.