Hopp til innhold

Nasjonalt krafttak for å sikre betre redningsarbeid når det oppstår brann i tunnel

Statens vegvesen og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) startar eit omfattande nasjonalt arbeid for å betre redningsarbeidet ved brann i tunnel.

Montasje Gudvangatunnelen

SKAL LÆRE AV DETTE: Brannen i Gudvangatunnelen var ein kraftig vekkjar for mange. No startar Vegvesenet og DSB eit omfattande arbeid for å sikre betre reglar om det skulle oppstå brann i tunnel.

Foto: Johan Moen/Jørn Scholz/Arne Veum / Montasje/NRK

Under brannen i Gudvangatunnelen på E16 i august fungerte verken naudsambandet, tunnellysa eller ventilasjon. Samordninga mellom naudetatane var heller ikkje godt nok.

Fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane, Haavard Stensvand, helsar tiltaket frå Statens vegvesen og DSB velkomen.

– Slik sett kjem det noko godt ut av brannen i Gudvangatunnelen, ved at den bidreg til å presse på slike nasjonale prosessar, seier Stensvand til NRK.no.

Samlar alle dei aktuelle aktørane

Den dramatiske brannen i Gudvangatunnelen i august har blitt ein kraftig vekkjar for dei som skal sikre for at det er trygt for deg og meg å køyra gjennom dei over tusen vegtunnelane i landet.

Då ein semitrailer tok fyr vart rundt 80 skrekkslagne bilistar innesperra i ein stummande mørk og røykfylt tunnel. Brannen utvikla seg raskt, og dei som var i tunnelen har fortalt om dramatiske situasjonar der dei febrilsk forsøkte å komme seg ut.

Ann Christin Olsen-Haines

KRAFTTAK: Neste år blir det gjort eit krafttak for å sikre betre reglar ved brann i tunnel, seier avdelingsleiar i DSB, Ann Christin Olsen-Haines.

Foto: Morten Andersen / NRK

Redningsarbeidet var krevjande, og fleire etatar måtte samarbeide på tvers.

Statens vegvesen og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal no gjere ein felles innsats mot brannvesen, politi, helseføretaka og kommunane.

– Det er allereie planlagt fem regionale samlingar våren 2014 der alle relevante aktørar blir invitert.

– Dette gjer vi for å skape felles forståing for regelverket, for å sikre at vi har riktig regelverk og for eventuelt å utarbeide nye rettleiingar, seier avdelingsleiar i DSB, Ann Christin Olsen-Haines.

Røyk fra Gudvangatunnelen

RØYK: Det var dramatiske scener då brannen braut ut nokre kilometer inne i tunnelen.

Foto: Lesarbilete

(Artikkelen held fram under biletet)

Komplisert aksjon der mykje ikkje fungerte

I Gudvangatunnelen tok semitraileren fyr fleire kilometer inne i tunnelen, og hendinga viste kor komplisert ein slik redningsaksjon er.

Brannfolka måtte til dømes ta stilling til kva dei skulle prioritere – skulle dei sløkkje brannen eller redda folk ut av tunnelen.

Eit anna krevjande punkt var kven som skulle bestemme korleis alt mannskapet frå politi, brann og helseføretak skulle organisere redningsarbeidet sitt på skadestaden.

I Gudvangatunnelen møtte brannfolka i tillegg også andre utfordringar. Lyset i taket var øydelagt, naudsambandet fungerte ikkje fordi brannen hadde smelta kabelen og ventilasjonsviftene blei stengde ned.

Brannmann krev betring

Dette må bli betre, seier røykdykkarleiaren i Aurland kommune.

– Ventilasjon er veldig viktig. Det same er det å ha på plass lys og samband i tunnelane, seier Reinhardt Sørensen.

Rundt 80 personar måtte evakuerast ut av Gudvangatunnelen under brannen for fire månadar sidan.

I alt 66 menneske fekk behandling på sjukehus, og mange av dei har hatt psykiske seinskadar, nokre har slite med klaustrofobi, andre fortel at dei har hosta mykje.

(Artikkelen held fram under biletet)

Traileren som brant i Gudvangatunnelen

SIKTA: Føraren av semitraileren, ein 28 år gamal mann frå Polen, er sikta etter tunnelbrannen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Redningsmannskap strekte grensene

Brannfolka som jobba med å sløkkje brannen og redda folk ut frå tunnelen, strekte seg langt denne augustdagen.

– Då vi høyrde om kva som hadde skjedd i tunnelen fekk vi ilt i magen og frysningar og var sikre på at det ville bli mange omkomne.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand

PÅ TIDE: Meiner fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane Haavard Stensvand om retningslinjer for brann i tunnel.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det var viktig for oss å få folk ut av tunnelen raskt. Eg følte vi jobba innanfor grensene for det som er forsvarleg, men vi hadde til dømes faremomentet med at det rasa ned steinar rundt oss. Vi strekte grensene for HMS-reglane litt langt, men eg følte vi hadde kontroll, seier Sørensen.

– Dette er på høg tid

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand i Sogn og Fjordane er glad for at DSB og Statens vegvesen har starta eit arbeid for å gjere vegtunnelane tryggare.

Det er på høg tid at ein får oppdaterte retningslinjer, seier han.

– Frå Fylkesmannen si side er vi veldig glade for at dette skjer no. Vi ser at det er viktig fordi det er eit stort forbetringspotensial i forhold til slike hendingar i tunnel, seier Stensvand.