Hopp til innhold

– Brannventilasjonen var altfor dårleg

Brannventilasjonssystemet fungerte ikkje tilfredsstillande i Gudvangatunnelen då ein semitrailer tok fyr og røyklade heile tunnelen måndag.

Brann Gudvangatunnelen

KUNNE GÅTT RASKARE: Røyken kunne ha komme langt raskare ut av tunnelen dersom ventilasjonssystemet i Gudvangatunnelen hadde gått for full kraft då traileren tok inne i tunnelen.

Foto: Stine Larsen Ramsøy

Om ventilasjonen hadde gått for full kraft kunne truleg evakueringa ha gått mykje raskare, og dei mest alvorlege røykskadane kunne vore unngått. Det syner ein rapport frå brannvesenet i Aurland.

Blant anna kjem det fram i rapporten at fullverdig ventilasjon er ein føresetnad for rask evakuering, og at det er svært viktig med mest mogleg oksygentilførsel i røyken for å få den ut av tunnelen fortast mogleg.

Kunne fått ut røyken på 25 minutt

Ifølgje brannsjef i Aurland, Arvid Gilje, gjekk ventilasjonssystemet med ei kraft på 0,8 meter per sekund då dramaet stod på. Normalt skal det ha ein kraft på minst seks meter per sekund, seier Gilje.

– Om 0,8 meter per sekund heile tida hadde det gått tre timar å få ut røykproppen, om det hadde vore seks meter per sekund hadde det gått 25 minutt. Her var det ingen av delane, men det fungerte langt frå så godt som det burde likevel.

(Saka held fram under biletet)

Leitar i mørket

UNDERSØKINGAR: Brannvesenet har saman med Vegvesenet og Havarikommisjon gjort fleire undersøkingar i Gudvangatunnelen etter brannen. Fleire feil har blitt trekt fram, også på naudsambandet.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Kring 80 personar var innesperra i tunnelen i minst ein time. Bannsjefen meiner det ville utgjort stor forskjell dersom ventilasjonssystemet hadde gått for full kraft.

– Då hadde vi fått mykje meir oksygentilførsel i røyken slik at det hadde vore lettare å puste, og det hadde tynna ut røyken slik at den hadde gått fortare ut. Men det er helse som må vurdere om det hadde konsekvensar i forhold til det, men det er sikkert at det hadde gått betre med personane i tunnelen med fullt ventilasjonssystem, seier Gilje.

Slokkingsapparata er årsaka

Evalueringsmøte i Aurland etter brannen i Gudvangatunnelen

EVALUERING: Frå venstre: brannsjef i Aurland, Arvid Gilje, Aurland-ordførar Noralv Distad og røykdykkarleiar i Aurland, Reinhardt Sørensen under evalueringsmøtet torsdag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Denne veka blei fleire personar blei alvorleg røykskadde då det då det tok til å brenne i ein semitrailer inne i tunnelen.

Problemet er at når folk tar ut brannapparat frå naudboksane skrur viftene seg ned for at brannvakta skal kunne høyre kva som blir sagt frå naudtelefonane.

– Det såg eg når vi køyrde gjennom tunnelen at det var mange skapdører som var opne. Og dei klarte ikkje å få opp igjen brannventilasjonen før alle folk var komne ut. Dette er viktig å få gått gjennom saman med Vegvesenet, for å lære av dette, seier Gilje.

Statens Vegvesen seier dei ikkje har fått rapport i hende endå, og ønskjer ikkje å kommentere saka før dei har fått den.

– Vi held no på å jobbe oss gjennom det materialet vi allereie har på Gudvangatunnelen, så den rapporten får vi heller komme tilbake til i neste veke, seier fungerande regionvegsjef i region Vest, Paal Fosdal til NRK.