Hopp til innhold

Denne byggeplassen i høgfjellet er heilelektrisk: – Dette er framtida!

Kraftselskap vil vise veg med pionerprosjekt til fjells. Men det er ikkje billig.

Elektrisk borr.
Foto: Oddgeir Øystese / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein lyd skil byggeplassen 800 meter over havet frå andre byggeplassar. Eller, rettare sagt, mangelen på lyd.

For her ved Svartavatnet i høgfjellet Masfjorden i Nordhordland er det ikkje lov med bensin- eller dieselmotorar. Alt skal vere elektrisk.

– Det er ganske vanskeleg å få til. Først og fremst må vi ha nok straum til å lade alt. Det krev planlegging og vilje blant alle som deltek.

Det seier Rolf Dale, konserndirektør i Mesta. Det var dei som fekk oppdraget av kraftselskapet Eviny. Under føresetnad om heilelektrisk drift.

– Vi føler vi får det til. Eg trur dette er framtida!

Rolf Dale, konserndirektør i Mesta.

Rolf Dale, konserndirektør kontrakt og produksjonsinnsats, Mesta.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Spesialløysingar og store investeringar

Kring 16 prosent av norske klimautslepp kjem frå byggebransjen. På damforsterkinga i Stølsheimen i Nordhordland kutter dei kring 65 prosent av utsleppa sine.

Berre dei mest miljøvenlege løysingane blir akseptert.

Noko utstyr er spesialinnkjøpt. Anna er spesialkonstruert for oppdraget i høgfjellet.

I dag testar Jan Otto Midttun i OH Betong ut ei elektrisk kran for første gong. Og betongbilane går på straum.

Jan Otto Midttun, dagleg leiar i OH Betong

Jan Otto Midttun testar ut ei nyutvikla elektrisk betongkran.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det trengst eit full-lada batteri for å komme frå basen i Indre Arna, opp på fjellet i Masfjorden, og tilbake.

– Det ser ut til å fungere veldig bra! Utstyret er heilt nytt. Vi har investert i det fordi vi trur stadig fleire spør etter dei mest klimavennlege løysingane.

Ladestasjon i fjellet

Anleggsområdet hentar elektrisitet rett frå høgspentmastene.

Foto: Oddgeir Øystese

Pilotprosjekt

Førebels er det få private aktørar som er villige til å betale prisen for dei mest miljøvenlege løysingane.

Eviny har rekna seg til at klimakrava kostar dei kring 3,5 millionar kroner.

Den totale prisen for oppgraderinga av demninga er på om lag 60 millionar kroner.

Dei meiner det er verdt det.

– Som ein stor produsent av fornybar energi har vi sjølve eit ansvar for å gå føre med gode klimaløysingar, seier konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik.

Ho kallar arbeidet i fjellheimen for eit pilotprosjekt, og seier det er mykje å lære.

– Det er viktig å involvere og stille krav til underleverandørar. Då får ein til overraskande mykje.

Ragnhild Janbu Fresvig, konsernsjef, Eviny

Ragnhild Fresvik i Eviny ved anleggsområdet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det er Dale i Mesta samd i.

– Vi lærer veldig mykje for framtida. Det kjem til å bli mange slike prosjekt, både i høgfjellet og i låglandet.

Ved Svartavatnet skal anleggsarbeidet halde fram til neste haust.

Utan lyden av dieselmotorar.

Les også Demningar blir klimautbetra for milliard­beløp

Svartavatndammen i Masfjorden