To betongbilar snirklar seg opp anleggsvegen til Svartevatndammen, 800 meter over havet i fjellområdet Stølsheimen i Nordhordland.
Dammen på grensa mellom Masfjorden og Modalen har i tiår magasinert vatn som så vert sendt ned i turbinane i Vemundsbotn kraftverk.
Men vêret og klimaet har endra seg, og demningar som har vore sterke nok vert no vurdert som utrygge.
– Denne dammen gjer vi bort i mot dobbelt så tjukk. Det kjem frå 40 centimeter til ein meter med ekstra betong.
Det forklarer prosjektleiar Håvard Fosse i Eviny. Selskapet hans åleine har 33 dammar som må forsterkast.
I tillegg til tjukkare murar får demninga eit system som gjer at vatn kan leiast raskare ut av magasinet ved store flaumar.
Håvard Fosse er prosjektleiar for utbetringa av Svartavatndammen.
Foto: Oddgeir Øystese / NRKKrav frå NVE
I 2021 kartla NVE alle norske demningar. Dei slo fast at 625 av dei er sårbare for eit endra klima.
– Dei fleste dammane i Noreg er over 60 år gamle. Dei er ikkje tilpassa nytt klima eller nytt regelverk.
Det seier Lars Grøttå. Han er seksjonssjef for damtilsynet i NVE.
Demningane skal vurderast kvart 15 år. Det er opp til kvart enkelt kraftselskap å få godkjend tiltak på demningane dei eig.
NVE har klassifisert dammane i Noreg i fem kategoriar. I klasse 0 er det liten risiko for skader om demninga får brot.
I klasse 4 er det fare for menneskeliv om noko går gale. Det er 225 dammar i landet i denne klassen. Desse har fått særleg strenge krav frå NVE.
Arbeid ved Svartavatndammen.
Foto: Benjamin Dyrdal / NRK
Skal ikkje bli høgare straumrekning
Svartevatndammen er i klasse 3, og er ein av mange dammar selskapet Eviny no må utbetre.
Arbeidet her oppe går over to år, og vil koste kring 60 millionar kroner.
Konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik seier selskapet må bruke kring 1 milliard kroner på å klimaoppgradere demningane dei eig.
– Dette betaler vi sjølve. Det kjem ikkje til å bli belasta på straumrekningane til folk.
Eviny håper det vil ta mange tiår før dei treng å oppgradere demningen her oppe igjen.
Svartavatndammen skal no tole belastninga frå ein flaum som er halvannan gong så stor som det som vert rekna som ein tusenårsflaum i dag.
Konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik i Eviny.
Foto: Oddgeir Øystese / NRK