Hopp til innhold

Har opna 13 graver: – Heilt sikkert at Trine Frantzen ikkje er på denne gravplassen

ØVSTTUN GRAVPLASS (NRK): Politiet har undersøkt åtte graver sidan i går, og fem i mai, utan å finne spor etter kvinna som forsvann i 2004. – Eg føler med dei pårørande som skulle ønska dei kunne få svar, seier politiinspektør Tore Salvesen.

Tore Salvesen

SISTE FORSØK: – Håpet minkar viss vi ikkje finn noko her i kveld, seier politiinspektør Tore Salvesen. I så fall har han ingen plan om å leite vidare på gravplassen nokosinne.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Politiet avslutta klokka 19 tysdag søket etter Trine Frantzen på gravplassen sør i Bergen kommune.

– Det er heilt sikkert at ho ikkje ligg her. Vi kjem ikkje til å leite meir på Øvsttun gravplass, seier Salvesen tysdag kveld.

Dette har denne våren vore åstaden for ei oppsiktsvekkande utvikling i den 15 år gamle krimgåta kring Trine Frantzen. Ingen har sett den 31 år gamle kvinna sidan 7. mai 2004, og politiet har aldri klart å finne ut kva som skjedde med henne.

Skjulte utvidinga

Denne veka har krimteknikarar tatt opp att søket på gravplassen, etter eit resultatlaust forsøk i mai.

Den gong grov dei i fem graver på to dagar i den mystiske forsvinningssaka.

Overfor offentlegheita har politiet vore svært løyndomsfulle.

– Vi går svært forsiktig fram. Eg kan ikkje kommentere om vi har gjort funn eller ikkje, sa Salvesen måndag kveld.

Måndag og tysdag bar krimteknikarane bøtter med jord frå teltet som dekka nokre av gravene og over til eit anna telt der teknikarane leita etter spor i jorda.

Politiet hevda at dei berre konsentrerte seg fullt og heilt om éi grav. Etterforskingsleiar Kenneth Berg sa det ikkje var aktuelt å undersøke i fleire graver, slik politiet tidlegare hadde vurdert.

Dei fortalde ikkje at faktisk dei hadde utvida søket til ei rekke andre graver.

Men ut på ettermiddagen byrja krimteknikarane å ta ut større mengder jord i trillebårer. Seinare køyrde dei inn ein maskin og grov ut endå meir jord, før dei etter kvart byrja å frakte jord inn i teltet.

Øvsttun Trine Frantzen

MASKIN: Politiet brukar ein maskin for å grava tysdag ettermiddag.

Foto: Eivind Fondenes / NRK

– Håpet minkar

I 16-tida avslørte politiet at dei, skjult av det kvite teltet, eigentleg har undersøkt til saman seks graver, og planla å opna to andre.

– Vi ser etter leivningar, deler av klede, ting ho kan ha hatt med seg. Knappar, skolisser. Alt, eigentleg, sa politiinspektøren.

– Viss vi ikkje finn noko i løpet av kvelden, minkar håpet. Utan nye opplysningar, er det ikkje plan om å halde fram her på gravplassen nokosinne.

Han ville ikkje seie noko om tipsa som førte til at dei no undersøkte desse gravene, eller om politiet har fått inn nye tips etter at gravinga starta måndag.

– For vi veit framleis ikkje kva vi kan bruke dei opplysningane til elles i saka.

– Ned til kistelokket

I løpet av dagen avslutta politiet leitinga i alle dei åtte gravene dei hadde fått løyve til å undersøke.

– Vi har grave ned til toppen av kistelokka på eit par av gravene, seier Salvesen.

Blant dei ti som har vore i arbeid, er det flest krimteknikarar, og ein UiB-tilsett som er ekspert på leivningar.

– Dei har solda all jord, og er hundre prosent sikre at dei ikkje har gått glipp av noko.

Jørgen Frantzen

BLANDA KJENSLER: – Spenning, håp og frykt. Vi klamrar oss til håpet om at politiet finn noko, sa sonen til Trine Frantzen, Jørgen Frantzen, tysdag før det vart kjent at seks graver var undersøkt utan resultat.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Det var nye og detaljerte opplysningar frå vitne som gjorde at politiet starta opp att undersøkingane på gravplassen denne veka. Vitna har aldri vore inne i Frantzen-saka tidlegare, og personane var heller ikkje kjent for politiet frå før.

Før politiet gjennomførte gravinga i midten av mai, undersøkte dei gravplassen med georadar.

Denne gongen droppa dei dette og gjekk rett i gang med graving på staden dei nye vitna tipsa om.

Sonen til Trine Frantzen, Jørgen Frantzen, har følgt med på dei nye søka.

– Det er med blanda kjensler. Spenning, håp og frykt. Vi klamrar oss til håpet om at politiet finn noko, sa han til NRK på gravplassen tysdag, før leitinga vart avslutta utan resultat.

– Kvifor stolte de på vitna?

– Dei var truverdige, i rett alder og i rett posisjon til at vi festa lit til dei, seier Salvesen.

Gravene er no dekka til att.

Avsluttar søk etter Trine Frantzen på Øvsttun gravplass i Bergen

DEKKA TIL: Politiet dekka tysdag kveld til dei åtte gravene dei har undersøkt dei to siste dagane.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Manglar vitneavhøyr

Neste veke blir det gjennomgang av alle undersøkingane for å legge ein strategi for det vidare arbeidet.

Salvesen seier det er fleire vitne politiet ikkje har kunna avhøyre. Han vil ikkje seie kvifor, men stadfestar at vitna er i Noreg.