Hopp til innhold

Bergensordføraren blei trillingmor: – Eg tok risikoen. Det var mitt val

Kjell Ingolf Ropstad (KrF) veit ikkje kva han snakkar om, meiner Marte Mjøs Persen (Ap). – Ingen andre enn meg og min mann kunne vita om eg kunne bera byrda.

Ordføre Marte Mjøs Persen i Bergen med trillinger og Jonas

REAGERER: Trillingmor og bergensordførar Marte Mjøs Persen (Ap) synest ingenting om utsegnene til Kjell Ingolf Ropstad. I 2013 fekk ho trillehjelp av noverande Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Foto: Privat

– Det første eg tenkte var «okei, så klarar eg tre, klarar eg fire?» Kor går grensa for å kunna seia noko sånt? spør ordførar i Bergen, Marte Mjøs Persen (Ap).

Sosiale medium kokte nærmast over då Kjell Ingolf Ropstad i NRK sin direktesende partileiardebatt torsdag kveld uttala at «viss du klarar å bera fram eitt barn, klarar du to også».

Kommentaren fall etter at Jonas Gahr Støre (Ap) peika på at den nye innskrenkinga vil føra til fleire abortar fordi kvinner som av ulike årsaker ikkje klarar å bera fram to barn, vil måtte abortera begge.

Sjå utdraget frå Debatten:

Fredag beklaga Ropstad måten kommentaren fall på. Han kallar si eiga formulering for «krøkkete».

– Berre kvinna sjølv kan ta det valet

I eit innlegg på Facebook går ordføraren i Bergen hardt ut mot KrF-nestleiaren.

– Han sa veldig enkelt at «klarar du éin, så klarar du to». Men det er jo ikkje det det dreier seg om. Han veit openbert ikkje kva han snakkar om, seier Persen til NRK.

Persen har sjølv bore fram trillingar. Ho viser til at mange fleirlingesvangerskap er høgrisiko.

– I kvart enkelt tilfelle er det mange ulike faktorar som spelar inn. Det er ingen andre enn kvinna som er gravid som veit om ho kan bera den byrda, verken under svangerskapet, etter svangerskapet eller i framtida.

Persen viser til at ho hadde fast jobb, eit stabil forhold og gode føresetnader då ho i 2012 fødde tre premature barn.

– Alle som har hatt premature barn veit kor krevjande det er den første tida. Det er mange ting eg til og med har fortrengt fordi det var så krevjande.

– Blir kontakta av bekymra kvinner

Ordføraren har fleire gongar latt seg intervjua med trillingane som tema. Difor har ho blitt kontakta av mange som går gravide med trillingar.

– For veldig mange går det ikkje bra. Det er ikkje alle som får oppleva at barna blir fødde friske og sunne. Då er det medisinske vurderingar, sosiale vurderingar og personlege vurderingar som er nøydd til å ligga til grunn for ei kvinne sitt val om ho vil bera fram alle fostera, seier Persen.

Før vegvalet til KrF i november utfordra Ropstad statsminister Erna Solberg (H) på om ho var villig til å diskutera endringar i abortlova, nærare spesifikt paragraf 2c.

Marte Mjøs Persen bybanen bryggen

TRILLINGAR: Ordførar Marte Mjøs Persen (Ap) blei mor til premature trillingar i 2012. – For veldig mange går det ikkje bra.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ropstad beklagar

Det fekk ikkje KrF gjennomslag for. I staden vil den borgarlege fleirtalsregjeringa fjerna opninga for abort av éin eller fleire friske fleirlingar i eit svangerskap før grensa for sjølvbestemt abort.

– Eg synest det viser at han ikkje har forstått kva abortdebatten handlar. Kvinner i alle aldrar kan sjølve vurdera om dei har økonomi, forhold, framtidsutsikter eller helse til å bera fram eit barn, vel så mykje som ei abortnemnd, seier Persen.

Persen er glad for at Ropstad beklaga det han sa.

– Det er fint at han gjer det. I eit flerlingesvangerskap handlar fosterreduksjon ofte om å redda livet til eitt av dei andre søskena eller til mor sjølv.