Hopp til innhold

Bergensbyrådet møter Statkraft fredag

Byrådet i Bergen har måtta legge seg flat etter sterk kritikk for at dei ikkje varsla i god tid om at dei ville byte ut styreleiaren i det offentleg eigde kraftselskapet Eviny.

Sitande styreleiar fekk beskjeden først søndag kveld, mens styremedlem Hege Økland fekk beskjed om at ho ville bli bytt ut på ein kort e-post frå kommunen, skriv BT.

Fredag er byrådsleiar Christine Meyer (H) og finansbyråd Eivind Nævdal-Bolstad (H) inviterte til Statkraft for å snakke om saka, skriv avisa.

Overfor NRK ønsker Nævdal-Bolstad ikkje å gå inn på detaljane i prosessen for kvifor dei vil byte ut styreleiaren. Men han opplyser at dei har jobba med saka i «to-tre månadar». Han bedyrar også at det handlar om at dei ønsker ein styreleiar med meir kompetanse på kraft og energi.

Saka om styresamansetninga skal opp på eit ekstraordinært styremøte i slutten av juni. Før den tid skal det kallast inn til aksjonærmøte, som blir førebudd av Statkraft, finansbyråden og Alver-ordførar Sara Sekkingstad (Sp).

Sekkingstad seier til NRK at ho ikkje har tatt stilling til forslaget om å byte ut styreleiaren i Eviny. Det har heller ikkje Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H).

Dei er begge kritiske til byrådets framgangsmåte, og meiner det er viktig å ha styremedlemar med lokal kjennskap til Vestland.

– Det triste no, er at vi som offentleg eigar viser at vi av og til ikkje er profesjonelle. Det er uheldig for rekrutteringa for offentlege styreverv, og tilliten til opne prosessar som vi er så avhengig av frå næringsliv og befolkning, seier Indrevik til NRK.