Hopp til innhold

– Fornuftig å trekkje forslaget

Sunnfjord-ordførar Jenny Følling (Sp) er ikkje imponert over måten byrådet i Bergen har gått fram på for å byte ut styreleiaren Jan Erik Kjerpeseth i Eviny med Øistein Andresen.

Forslaget var ikkje drøfta blant eigarkommunane før det vart kjent i BT måndag.

Sunnfjord kommune er ein av eigarkommunane i kraftselskapet. Følling vart kjent med forslaget gjennom media.

Saka skulle på generalforsamlinga i dag, men no har byrådet trekt forslaget, melder BT. Det meiner Sunnfjord-ordføraren var fornuftig.

– Det er heilt uhaldbart å føreslå styreleiar den dagen generalforsamlinga skal vere, seier Følling.

– Vi var på ingen måte budde til å gjere så dramatiske endringar gjennom nesten eit benkeforslag, så vi tykkjer det er ei god løysing at ein trekkjer framlegget og vi får ei valnemnd til å gå gjennom det slik at det blir eit greitt val å ta stilling til når vi skal ha ny generalforsamling, seier ho.

Jenny Følling (Sp), ordførar i Sunnfjord.
Foto: Bård Siem / NRK