Hopp til innhold

Fekk krav om å fjerna muren etter 35 år – fryktar bustaden vil rasa

I den stupbratte strandsona har kommunen kravd riving av den gamle støttemuren framfor huset.

Kjetil Eikeland Thomassen sitt (gule) hus på Kleivaneset i Bergen

EIT UMOGLEG LØYVE: Kommunen godtok til slutt den ulovlege støttemuren framfor huset, men vedgår at kravet dei stiller er nesten umogleg å oppfylla.

Foto: Bergen kommune

Kjetil Eikeland Thomassen bur bratt, i ein tomannsbustad ved Salhusfjorden i Bergen. Frå den vesle plenen og den høge muren går det stupbratte svaberg ned til sjøen.

Men kampen mot Bergen kommune det siste året har vore ein endå brattare berg-og-dal-bane.

Kommunen kom på tilsyn hausten 2021, og våren etter fekk dei to familiane beskjed om at den fire meter høge betongmuren rett framfor huset var ulovleg.

Dei fekk pålegg om å riva muren, og tvangsmulkt på 2250 kroner per familie per dag.

Kjetil Eikeland Thomassen

Kjetil Thomassen seier saka om muren går på helsa laus. Han meiner kommunen driv forfølging og trakassering.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Til slutt gav kommunen likevel eit løyve, men med eit krav ingen entreprenørfirma kan hjelpa familiane med å oppfylla.

Situasjonen er fastlåst, medan familiane fryktar ei skyhøg gjeld til kommunen.

Dominerande murar

Historia startar midt på 1980-talet. Thomassen og den no avdøde svigerfaren bygde tomannsbustaden og muren. Både dette og ei rekke nabohus har høge hagemurar i strandsona.

– Viss ein først gir løyve til hus i dette området, må husa ha skikkeleg støttemur i forkant. Betongmurane kan sjå dominerande ut og kolliderer gjerne litt med interesser i strandsona, seier han.

Kleivaneset og Nordhordlandsbrua

Det oransje huset med den omstridde hagemuren ligg ein kilometer frå E39 Nordhordlandsbrua. – I forhold til brua er hagemurane veldig små inngrep i strandsona, meiner Thomassen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ulovleg

Kommunen var ueinig i at muren er nødvendig for å halda huset og hagen på plass. Og det var ein feil i byggesøknaden frå 1985:

Det manglar eit kryss om at det var søkt om forstøtningsmur.

Thomassen veit ikkje kvifor, men vedgår at det skulle vore gjort.

Derimot viser teikningane i byggesøknaden at huset skulle byggast på ei steinfylling i bratt terreng. Thomassen meiner det var heilt opplagt ut frå dei godkjende husteikningane at fyllingen trong ein mur.

– For elles har me ein hengande hage. Det fanst vel berre i Babylon.

Husteikning frå 1985: Klauvarinden 16/18 i Bergen, Kjetil Eikeland Thomassen

Den godkjende husteikninga frå 1985 viser at huset måtte stå på ei steinfylling (grøn strek) på det bratte svaberget (raud strek), men sjølve muren som skulle halda steinmassane på plass var ikkje teikna inn.

Foto: Block Wathne

Det er ikkje grunn nok for Bergen kommune.

– Det er riktig at teikningane viser ein fyllingsfot, men ingen mur. Derfor er muren ulovleg, seier direktør Tarje Wanvik i plan- og bygningsetaten i Bergen.

– Var det ikkje opplagt at huset trong støttemur?

– Det spelar for så vidt lita rolle, i og med at muren var eit meldepliktig tiltak.

Masseutgliding

Dei to familiane klaga på rivingsvedtaket og fekk utarbeidd ein takstrapport.

Den viser at det er stor fare for masseutgliding og øydelegging av husfundamenta viss muren skal rivast.

Men Statsforvaltaren i Vestland gav kommunen medhald i at muren er ulovleg og må vekk.

Men så tok saka ei uventa vending: Bymiljøetaten meinte at å riva muren ville skada økosystemet og raudlista fugleartar som ærfugl i området.

Ærfugl ved Kleivaneset i Bergen

Over hundre ærfugl beitar i sjøen under den omstridde muren. Ærfugl er på den norske raudlista som ein nær truga art.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Og i desember snudde saka. Kommunen gav seg.

Før skreiv etaten: «Den ulovlege muren er tilsynelatande berre ei forblending».

No skreiv kommunen: «Betydelege massar blir haldne på plass. Ei retting (altså riving av muren) kan gi uante konsekvensar.»

Huseigarane fekk rammeløyve til å gjera den ulovlege muren lovleg i etterkant, innan tre år.

– I løyvet skriv dei no at muren er heilt nødvendig, for miljøet, huset og pålagde uteareal for bustaden, sukkar Thomassen oppgitt.

Plan- og bygningsdirektør Wanvik seier kommunen har gjort ei heilskapsvurdering.

Me såg at her ville det truleg vera større ulempe enn fordel at muren vart fjerna. Me veit ikkje hundre prosent sikkert kva som skjer viss me tar muren vekk. Dermed gav me løyve.

Men han avviser at kommunen har snudd.

– Muren er ulovleg. Men dei søkte om legalisering og fekk løyve.

Tarje Wanvik, direktør, plan- og bygningsetaten, Bergen kommune

Plan- og bygningsdirektør Tarje Iversen Wanvik i Bergen kan ikkje hjelpa huseigarane som ikkje får nokon firma til å gå god for muren som vart bygd utan løyve rundt 1990.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Løyvet hjelper ikkje

Saka er likevel langt frå løyst. Kommunen krev nemleg at eit godkjent firma går god for at muren som har stått i 35 år er sikker.

Thomassen har kontakta fire store entreprenørselskap, men ingen tar på seg ansvar for eit arbeid andre har utført tilbake i tid.

– Dermed har me rykka tilbake til start og er like langt.

Wanvik konstaterer at huseigarane har ei stor utfordring. Han seier kommunen ikkje kan hjelpa dei viss ingen firma vil stå ansvarleg.

– Det er ikkje opp til oss. Det er lite me kan gjera med det.

Kjetil Eikeland Thomassen sitt (gule) hus på Kleivaneset i Bergen

Både den oransje tomannsbustaden og nabohusa har hagemurar i det bratte terrenget ut mot Salhusfjorden.

Foto: Bergen kommune

Ny dagbot

Nyleg fekk huseigarane purring på å gjera muren lovleg. Kommunen krev no ikkje igangsetting innan tre år, men ferdig arbeid allereie innan eit halvt år.

– Treårsfristen var berre ei standardformulering – ikkje ein reell frist – når muren allereie står der, forklarer Wanvik.

No er det varsla at kvar av dei to familiane får ei dagbot på 800 kroner per dag frå september, viss ikkje saka er ordna då.

Varselet om 2.250 kroner i dagbot frå mars i fjor gjeld ikkje lenger, opplyser Wanvik.

Thomassen veit ikkje korleis dei skal løysa floken.

– Dette tar jo helsa til folk, og arbeidsevna og livsmotet er kraftig redusert. Kommunen kan ikkje halda på slik som dette. Dei må ta omsyn og slutta å forfølga oss. Dette er rein trakassering, meiner han.

– Det er slett ikkje meininga. Me ønsker berre at det skal vera trygge og sikre forhold rundt dette tiltaket, seier etatsdirektør Wanvik.

Kjetil Eikeland Thomassen ved bustaden og muren sin.

Kommunen krev at eit firma i dag går god for muren frå slutten av 1980-talet. Då er huseigarane like langt, medan dagbøtene aukar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

KORRIGERING: I ein tidlegare versjon av artikkelen, stod det at den nye dagbota på 800 kroner kom i tillegg til dagbota på 2250 kroner. Det er ikkje riktig, opplyste Wanvik til NRK 30. mars. Dermed stemmer det ikkje at dei to familiane vil skulda kommunen til saman 1,6 millionar kroner i dagbøter i september.