– Regjeringa gir 150 millionar kroner til infrastrukturtiltak i nye samanslåtte kommunar, som storkommunen i Sogn vil søkja på, fortel ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal.
Kommunane og næringslivet i Sogn har lenge kjempa for ein hangar til 10 millionar kroner, som kan gi Sogndal eit nattparkert fly og dermed færre kanselleringar.
– Hangar og eit nattstasjonert fly er heilt naudsynt for å styrke regulariteten på morgonen, seier Aarvoll.
Viktig vinterstid
– Dette har vi ønska i mange år, og det har vore søknadar inne om nattstasjonert fly for kvar ny ruteperiode, seier lufthamnsjef Svein Sanden.
Sogndal lufthamn Haukåsen ligg i eit område som gjer at dei har mykje snø om vinteren. Det gjer det dyrt å vanskeleg å ha eit fly ståande om natta vinterstid utan hangar.
– Klarar vi å få til ein hangar så kjem vi og til å få ein heilt anna stabilitet når det gjeld å få ut det viktige førsteflyet om morgonen, seier Sanden
Kjenner behovet
Aarvoll seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har stor forståing for behovet som dei peikar på.
– Han er gift med ei frå Førde og kjenner området godt. Han har og vore mykje i Sogn og han forstod dei forventninga som vi har, seier Aarvoll.
Noko som og styrkar søknaden, meiner Aarvoll, er at regionrådet saman med flyplassen sit med ferdige planar for utbygginga.
– Eg har god tru på at vi skal få gjennomslag fordi flyplassen vil bety mykje for den nye storkommunen, seier Aarvoll.