Hopp til innhold

Ber om krisemøte etter flyplasskrangel

– Dette er veldig uheldig og alvorleg, seier uavhengig bystyremedlem Jacob Nødseth om flyplasskrangelen som har oppstått. Han ber Flora formannskap om eit ekstraordinært møte der krangelen blir tema.

Jacob Nødseth

KRISEMØTE: Uavhengig politisk medlem i Flora bystyre og formannskap, Jacob Nødseth, meiner det er naudsynt med eit oppklaringsmøte om flyplasskrangelen som har oppstått.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sentralt i striden står Høgre-ordførarane Mathias Råheim (Gaular), Bengt Solheim-Olsen (Flora) og Olve Grotle (Førde).

Krangelen starta då høgrepolitikar i kystbyen, Bjørn Hollevik, tok til orde for å leggje ned flyplassar for å skaffe pengar til dømes til Kystvegen Florø – Måløy.

– Når sentrale aktørar uttaler seg i ei sak som denne, så er det viktig å få avklara kva som er representantar frå Flora sitt politiske syn, og kva som er Flora kommune sitt politiske syn, seier Jacob Nødseth, uavhengig politikar i Flora.

– Svært alvorleg

Nødseth bad laurdag kveld om eit ekstraordinært møte for å diskutere samarbeidet i Florø. Bakgrunnen er den nemnde flyplasskrangelen.

Den tidlegare Høgre-politikaren viser til krigstypar og store bokstavar i media, om truslar om å trekkje støtte til samferdsletiltak.

Han meiner viktige tema som kommunesamanslåing, flyplasstruktur og Kystvegen blir sett på spissen og omgitt av eit slør av uvisse og betydeleg konflikt.

– Uavhengig av kva ein måtte meine om sakene/vinklingane: Det står fram som openbart at den medieprofilen «Flora» for tida står fram å ha, ikkje på noko måte gagnar dei nemnde sakene vi som kollegium er opptekne av. Det er svært alvorleg, skriv han.

Grotle åtvara

Olve Grotle

ÅTVARA: Førde-ordførar Olve Grotle er lei av at kystvegforkjemparane stadig vil leggje ned andre sine samferdsletilbod for å finansiere eigne hjarteborn.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

For utspelet frå Hollevik provoserte ordførar Grotle i Høgre. For utspelet er den siste av fleire uttalar som politikarar og næringslivsfolk har kome med.

Mellom anna å flytte E39-traseen frå Lavik – Oppedal til Solund, og ynskje om å leggje ned ferjesambandet Stårheim – Isane. I E39 striden gjekk politikarar på kysten tungt inn for indre løysing, fordi det skulle auke sjansane for Kystvegen mellom Bergen og Ålesund.

Flora-politikar Frank Willy Djuvik (Frp) har også vore open på at han motarbeider den bomfinansierte Førdepakken.

– Eg er redd for at velviljen til kystvegen vil forvitre dersom det skal finansierast gjennom nedlegging av andre samferdsletilbod her i fylket. Eg vil åtvare mot denne strategien, som eg no tydlegare og tydlegare ser at ein har i Florø, sa Grotle.

Mathias Råheim

ORDFØRAR: Gaular sin Høgre-ordførar, Mathias Råheim, truga med å trekkje støtta til arbeidet med Kystvegen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Om han vil legge ned flyplassar for vegar bør han ta den flyplassen som er nærmast seg sjølv, og veksle den inn i kystvegen, la ordførar Råheim i Gaular til.

– På grensa til simpelt

Ordførar Arve Helle i Fjaler, som også sit i styret for Kystvegen, truga med å trekkje seg frå Kystvegen.

I Florø kom ordførar Solheim-Olsen partifelle Hollevik til forsvar, og skulda Grotle for å opptre «på grensa til simpelt».

– Uansett kor mykje vi hevdar å trenge fire flyplassar i fylket så må vi jo kunne tole at staten og Avinor ser på strukturen, og gå inn i debatten med opne auge. Ikkje minst må vi sjå på om vi kan få att noko i andre enden om dei vel å legge ned nokre av flyplassane, sa Solheim-Olsen.

– Veldig uheldig

Bengt Solheim-Olsen

STØTTE: Ordførar i Flora, Bengt Solheim-Olsen,

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Nødseth meiner politikarkollegaene i Flora har vald feil strategi i arbeidet for å få realisert 45-minuttarsregionen gjennom Kystvegen.

Han seier han står fast ved det som han jobba mot som stortingskandidat, å få prioritert opp Kystvegen som eit tillegg til det ein har.

– Her har ein sett det i konkurranse med E39 og flyplasstrukturar. Det er veldig uheldig. Då får ein frustrasjon og motarbeiding som tilsvar frå dei andre ordførarane og politikarane i fylke, seier han og forstår reaksjonane som blir retta mot kystkommunen.

– Feil rekkefølgje

– Men er det ikkje naturleg å tenkje i desse baner, når det ikkje er pengar til alt?

– Det er viktig å sjå samferdsletiltaka i heilskap. Men problemet er at ein gjer det i feil rekkjefølgje. Det er når nye vegsamband er på plass at ein må vurdere andre strukturgrep, seier han og meiner ei ny problemstilling følgjer med utspelet.

– Eg konstaterer at politikarar frå Førde, Gloppen og andre kommunar no reknar på tal som viser trafikkgrunnlaget over Florø lufthamn. Dersom ein trekkjer vekk den petroleumsretta flyginga, er det då Florø kanskje som på sikt ikkje er berekraftig, undrar han.

Snarleg oppklaring

Bjørn Hollevik

STARTA: Bjørn Hollevik ynskjer ein flyplassdiskusjon for å byte vekk flyplassar for betre vegsamband.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I frykt for at Kystvegen misser støtte frå resten av fylket, oppmodar han difor Flora formannskap å få saka til diskusjon så raskt som råd.

Seinast når politikarane har politisk dag 18. november.

– Eg reagerer på at dei set så viktige samferdsletiltak på spel, utan at vi andre i det politiske Florø blir tekne med på råd. Eg trur nok at både Ap, meg sjølv og andre ville rådd dei til å la ballen ligge, og heller jobbe for å få meir midlar til 45-minuttarsregionen, seier han.

Vil ikkje blande seg inn

Leiar i Flora Arbeidarparti, Oscar Bergheim, håpar saka løyser seg utan at det blir naudsynt med eit ekstraordinært formannskapsmøte.

Han seier at lokallaget førebels ikkje har tatt stilling til oppmodinga frå Nødseth.

– Vi vil vente på og sjå kva som kjem ut av dei samtalar som vi reknar med at Høgre har på kammerset no. At vi kanskje kan løyse det på andre måtar enn ved eit ekstraordinært formannskapsmøte i Flora, seier han.

– Må stå samla

Bergheim presiserer på det sterkaste at Flora Arbeidarparti ikkje er del av krangelen, og heller ikkje vil bli det. Han meiner tilnærminga i debatten er svært uheldig.

– Skal vi få til noko, så må vi samarbeide og ikkje krangle. Infrastruktur ynskjer vi å byggje opp. Ikkje byggje ned. Då må vi stå samla, seier han.

– Då må vi også halde ein anstendig tone oss i mellom, seier han og håpar verken kommune eller Kystvegen blir skadelidande av krangelen.

Avheng av støtte

Nødseth fryktar på si side at støtta til Kystvegen vil forvitre om Flora formannskap ikkje kjem raskt på bana.

– Kystvegen avheng av støtte, og at ein ikkje blir motarbeidd. Andre politikarar har framsnakka og vist ein stor velvilje til prosjektet, seier Nødseth og avsluttar:

– No seier fleire rett ut at det vil forsvinne om ein ikkje raskt seier at dagens flyplasstruktur skal ligge fast, at dette ikkje er omkamp om E39 og at ein står fast på dei planane hatt, seier han.