– Eg reagerer med skrekk og vantru. Han bryt totalt med programmet han er vald på, og du kan ikkje veksle flyplass med pengar til vegar., det er ikkje slik det føregår, seier Råheim.
I dag kom det fram at Hollevik, som er første vararepresentant til Stortinget og sit på fylkestinget, ynskjer ein ny flyplassdiskusjon. Målet er å få byte ut flyplassane med nye vegar. Hollevik seier han ikkje vil legge ned flyplassar før betre vegar er på plass, men meiner ein alt no kan utnytte flyplassaka til å skaffe pengar til betre vegar.
- LES OGSÅ: – Velviljen til kystvegen kan forvitre
– Det er navlebeskuing
Hollevik nemner kystvegen, ein midtveg mellom Gloppen og Storebu, vegen på nordsida av Sognefjorden, og kystvegen sør for Florø.
Og med slike nye vegar, er det naturleg at Sandane lufthamn Anda og Førde lufthamn Bringeland blir lagt ned, meiner Hollevik.
– Det er heilt klart at dei to flyplassane ligg utsett til, seier han.
Gaular-ordførar Råheim ber Hollevik sjå til heimlege trakter, og flyplassen i Florø.
– Om han vil legge ned flyplassar for vegar bør han ta den flyplassen som er nærmast seg sjølv, og veksle den inn i kystvegen. Det tvilar eg på om han vil gjere. Eg meiner ikkje at det er rett. Men det er der han må byrje, seier Råheim som meiner det finst eit ord for det Hollevik held på med.
– Navlebeskuing.
Førde-ordføraren meiner kystvegstøtta kan forvitre
– Eg er redd for at velviljen til kystvegen vil forvitre dersom det skal finansierast gjennom nedlegging av andre samferdsletilbod. Eg vil åtvare mot denne strategien, som eg no tydelegare og tydelegare ser at ein har i Florø, sa Grotle.
Den siste tida har politikarar og næringslivsfolk på kysten teke til orde for flytte E39-traseen frå Lavik-Oppedal til Solund. Florø-politikar Frank Willy Djuvik frå Frp har vore open på at han motarbeider den bomfinansierte Førdepakken..
Tidlegare har også kystvegforkjemparane arbeid for å legge ned ferjesambandet Stårheim-Isane. I E39 striden gjekk politikarar på kysten tungt inn for indre løysing, fordi det skulle auke sjansane for Kystvegen mellom Bergen og Ålesund.
No kjem altså flyplassane i Gloppen og Gaular på toppen, meiner Grotle
– Førdeordføraren opptrer nesten simpelt
Men ordførar i Flora Bengt Solheim Olsen (H) kjem partifellen Hollevik til stormande forsvar, og skuldar partifellen og kollegaen i Førde, Olve Grotle, for å opptre på grensa til simpelt.
– Det er nesten slik at eg ikkje trur det eg høyrer og les. Dette er jo berre eit nesten på grensa til simpet forsøk frå Grotle på å tåkelegge. Det er mogleg at han har sett at Avinor har ein klar føresetnad for kor hovudflyplassen i Sunnfjord både er og i framtida vil ligge, og at det er derfor han byrjar å blande inn andre ting i debatten.
Solheim-Olsen er klar på at debatten om flyplassane må takast.
– Uansett kor mykje vi hevdar å trenge fire flyplassar i fylket så må vi jo kunne tole at staten og Avinor ser på strukturen, og gå inn i debatten med opne auger. Ikkje minst må vi sjå på om vi kan få att noko i andre enden om dei vel å legge ned nokre av flyplassane.
Trugar med å trekkje seg frå Kystvegen
For Fjaler-ordførar Arve Helle (Ap), som også sit i styret for Kystvegen, er det ikkje aktuelt å jobbe for kystvegen dersom ein del av strategien er at Bringeland skal leggast ned.
– Det er totalt uaktuelt. Næringslivet i Fjaler er krystallklare på at Bringeland er heilt avgjerande for at dei skal kunne eksistere her. Skjer det, vil eg reservere meg. Eg er heilt einig med Grotle, det er ein veldig dårleg måte å jobbe på, seier Helle.
(Artikkelen held fram under biletet)
- Har aldri sett maken til råkøyr
Mathias Råheim seier han lenge har støtta Kystvegen, og at han vil at Flora lufthamn skal bestå, men meiner måten Flora-politikarane opptrer på er utan sidestykke.
- Eit slikt råkøyr som vi har sett dei siste par åra, det skal leitast lenge etter. Det var ikkje dette som var meininga i utgangspunktet, tordnar Råheim.
Men Bengt Solheim-Olsen er usamd.
- Det han kallar råkøyr kallar eg god og konstruktiv jobbing for å få fram viktige vegprosjekt langs kysten av Sogn og Fjordane, seier Solheim-Olsen.