Hopp til innhold

Ber innbyggjarane tenkje seg om

Politikarane sine lovnader om heilårsveg over Vikafjellet bør avgjere kva parti vikjene skal stemme på ved valet neste haust. Det meiner Arbeidarparti-ordførar Marta Finden Halset.

Marta Finden Halset

VIKTIGASTE SAKA: Vikafjelltunnelen er den viktigaste saka for folk i Vik fram mot valet, meiner Arbeidarparti-ordførar Marta Finden Halset.

Foto: Sindre Løkstad / NRK

På Facebook går ordføraren langt i å oppmode vikjene om å stemme på andre enn dei raudgrøne, dersom tunnelen ikkje kjem med i stortingsmeldinga til våren.

Overfor NRK held ho fast ved at innbyggjarane i den vesle kommunen må tenkje seg nøye om.

– Alle som bur i Vik må høyre på kva dei ulike partia seier om Vikafjellsvegen og kven som har konkrete lovnader, så må dei bruke røystesetelen slik som dei sjølv føler det er best, seier Finden Halset til NRK.no.

Ras og uvêr stengjer vegen til bygda

Ordføraren i kommunen på sørsida av Sognefjorden har sett seg mektig lei av at det aldri blir noko av tunnelen gjennom Vikafjellet. I nær 50 år har folk i kommunen kjempa for å få ein tunnel mellom Bødalen og Hola på Voss-sida.

Ein tunnel gjennom fjellet er slik ordføraren ser det, den einaste måten å sikre innbyggjarane i kommunen ein heilårsveg. For sjølv om dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete i 2009 lova at riksveg 13 over Vikafjellet skulle vere vinteropen, er det ikkje blitt slik i praksis.

Heller ikkje ein status som stamveg gjer at politikarane kan råde over vêret. Ras og uvêr førte sist vinter til at vegen over fjellet var stengd i langt over 500 timar.

– Vêrgudane bryr seg ikkje om kva politikarane på Stortinget har bestemt. Sjølv om dei seier vegen skal vere open heile året gjer vêrgudane som dei vil, sa ordførarar Marta Finden Halset til NRK.no tidlegare i år.

Ordføraren var då krystallklar på at det ikkje er akseptabelt at vegen som bind saman Vik med Voss og Bergen er så mykje stengd.

– Dette har med livskvalitet å gjere også. Folk ønskjer å ha den tryggleiken det er å vite at dei kan kome seg til og frå heile tida, sa Finden Halset til NRK.no tidlegare i år.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras på Vikafjellet

RAS: Kvar einaste vinter blir Vikafjellet stengd på grunn av ras og rasfare. Dette biletet er frå 2010.

Foto: Odd Inge Gjeraker

Fekk støtte frå naboane

I sommar kom nyhenda om at eit samrøystes fylkesting i Hordaland gjekk inn for at Vikjatunnelen skal få plass i stortingsmeldinga om vegprioriteringar til våren.

Dette er vi veldig glade for her i Vik. Fylkestinga på begge sider av grensa har samrøystes gått inn for at tunnelen må på plass. Det er lettare å komme med ei sak til Stortinget når begge fylka står samla, sa ordføraren i etterkant.

No har ordføraren fått nok

Sidan har Arbeidarparti-ordføraren halde fram kampen om å få fart på planane om tunnel gjennom Vikafjellet.

Måndag kveld skreiv ho følgjande innlegg på Facebook-gruppa «VIKJAFJELLSTUNNEL NO!!!»

Det gjeld veg for ein heil kommune, 300 industriarbeidsplassar - så dersom dei raugrønne meinar noke med å ta heile landet i bruk må dei no gå inn for denne vegen som er flaskehalsen på den indre stamvegen RV13 frå Førde til Sandnes. No er me lei av tomme løfter! Kan partileiarane fortelja kva dei lovde i valkampen sist!? Er det mange kommunar uten vegsamband i dag? Folk i Vik må tenke seg godt om før dei går til valurnene og sjå først resultatet etter stortingsmeldinga som skal opp i Stortinget i mars 2013.

Marta Finden Halset på Facebook

Vikafjellstunnelen er regional utvikling, knyter to fylker saman og gir eit utvida bu og arbeidsmarknad. Sogneregionen kjem nærare Bergen, pendlaravstand frå /til Voss og midtre Sogn og og turistnæringa vil få eit løft. Dei argumenta som vart brukt i Kvivsvegen et dei same for Vikafjellstunnelen! Dette er eit vegsamband for Sogneregionen! men mest for ein veglaus kommune som no skal ha veg!

Marta Finden Halset på Facebook

– Den viktigaste saka

Til NRK.no seier ordføraren dette om innlegga:

– Vi er spesielt opptekne av Vikjafjellstunnelen no, og då må vi ha fokus på kva dei ulike partileiarane og partia seier om vegen. Det er eit heilårssamband for denne kommunen, seier Finden Halset til NRK.no.

På spørsmål om ho trur at folk i Vik ikkje har vore bevisste på kva parti dei har stemt på tidlegare, svarar ho slik.

– Eg trur folk har vore bevisste, men no er det denne vegen det dreier seg om i Vik. Skal vi få eit heilårs vegsamband med omverda og ta del i velferdsordningane og goda som vi har i Europas rikaste land?

(Artikkelen held fram under biletet)

Vikafjellet

MØTER STENGD VEG: Ras og uvêr er det lite nokon kan gjere noko med. Difor meiner ordførarane det er avgjerande at innbyggjarane i Vik får ein tunnel gjennom Vikafjellet.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Folk må vere nøye

– Viss ikkje dei raudgrøne går langt nok i å love eit slikt vegsamband, kva skal dei gjere då?

– Då må dei gå i tenkjeboksen og sjå kva strategi dei skal velje.

– Rår du vikjene til å ikkje stemme raudgrønt dersom det ikkje kjem gode nok lovnader?

– Eg rår vikjene, som alle andre, til å vere nøye med korleis dei brukar røystesetelen, svarar ordføraren.

– Eg har alltid vore bevisst

Ordføraren seier vidare at ho er optimist om dagen og har stor tru på at dei raudgrøne vil løfte tunnelen inn i stortingsmeldinga om vegprioriteringar som kjem i mars.

– Kva viss ikkje?

– Då må vi sjå korleis vi skal tenkje vidare. Ein heil kommune må ha ein leveleg eksistens, seier Finden Halset.

– Er du villig til å la vere å stemme på ditt eige parti viss dei ikkje legg seg nok i selen i denne saka?

– Eg har alltid vore bevisst på korleis eg bruker stemmesetelen, og det vil eg vere i framtida og.