Hopp til innhold

Ber foreldre ta ansvar: – 12–13 år gamle jenter sel nakenbilete på nett

Dei siste månadane har politiet avdekka at stadig fleire unge jenter sel overgrepsbilete av seg sjølv til vaksne menn. Dei yngste er ned i 12–13 årsalderen.

Illustrasjonsbilete til sak om nettovergrep.

KRIMINELT: Svært unge jenter sel bilete av seg sjølv til vaksne menn. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Politiets nettpatrulje i Vest

– Det vi ser er at det er ein del unge jente som tilbyr ulike seksualiserte bilete for sal. Dei går aktivt ut mot menn og får vippsa pengar. Det kan også gå motsett veg, der menn tar direkte kontakt med jenter og vil kjøpe bilete.

Det seier den erfarne politisjefen i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

Dei siste månadane har politiet over heile landet sett ein auke i talet på slike saker.

– Vi snakkar om ungdomar heilt ned i 12–13-årsalderen. Det er alvorleg og det er ikkje lett for dei å forstå at dei kan bli fanga i eit større nett.

Politiet vil ikkje gå i detaljar om talet saker, men stadfestar at det er snakk om ein heil del saker som no er under etterforsking.

Dette er ikkje noko nytt fenomen, men politiet registrerer no ein vekst i tal saker over tid. Om koronasituasjonen kan vere noko av årsaka, vil ikkje Arne Johannessen spekulere i no.

– Men eg er overtydd om at det er store mørketal.

Arne Johannessen er politisjef i Sogn og Fjordane. Fotografert på kontoret i Sogndal 6. juli 2020.

UROA: Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, meiner at foreldre må ta meir ansvar for å førebyggje nettovergrep.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Ikkje ver naiv

Sjølv om politiet sitt arbeid innan etterretning og etterforsking får fleire slike saker fram i lyset, så meiner han at foreldre er nøydde for å ta eit større ansvar.

– Det er per definisjon foreldra som eig mobiltelefonen og kan ha kontroll. Men det er klart at dette er eit vanskeleg tema i høve privatlivets fred og kor langt du går som foreldre. Det må ein nesten kjenne på sjølv. Men mitt råd er å følgje med, ikkje ver naiv.

Når vaksne avtalar å kjøpe seksualiserte bilete av mindreårige, blir det rekna juridisk sett som overgrep – eller «grooming» som det blir kalla.

Straffa for kvart tilfelle er inntil eitt års fengsel.

– Det vi veit er at du ofte blir utsett for truslar om du ikkje går vidare til neste steg. Det kan bety grovare bilete eller fysiske møter som igjen fører til fysiske overgrep, seier Arne Johannessen.

– Frykteleg trist

På Stortinget er Frida Melvær (H) med på å utforme politikken som skal hjelpe politiet til å ta overgriparane.

– Eg synest det er frykteleg trist på tenke på og vite at unge jenter heilt ned i 12–13 årsalderen går til det steget at dei sel bilete av seg sjølv, seier Melvær, som er medlem i justiskomiteen.

Ho rosar politiet sin innsats.

– Eg er veldig glad for og stolt av politiet, som tar denne typen saker på alvor og som avdekkjer, grip tak og ikkje minst rettar dette inn i sitt førebyggjande arbeid.

Frå kontoret sitt i Sogndal ser Arne Johannessen at det å jobbe med slike saker er tøft for den enkelte tenesteperson i politiet.

– Vi ser at dette er eit saksfelt som aukar i omgang og det berører folk veldig sterkt. Det gjer også sterkt inntrykk på politifolk som jobbar med dette. Det gjer noko med deg.

Les også: Kari sin overgripar tilstod og blei frikjend