Hopp til innhold

Bensinopprør råkar Sogndal

Dei som håpa å få sjå Sogndal sin nye midtbanespelar Stéphane Diarra Badji (21) i sving kommande helg, må smørje seg med tålmodigheit.

Trond Fylling

MÅ VENTE: Sogndal og Trond Fylling må smørje seg med tålmodigheit når det gjeld Stéphane Badji.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Den senegalesiske U23-kapteinen skulle eigentleg komme denne veka, men blir ikkje med i helgas treningskamp mot Førde.

Årsaka er situasjonen som den siste vekene har vore i Nigeria.

– Det er ambassaden i Nigeria som skriv ut visumet, men han er i Senegal og har problem berre med å komme seg til Nigeria. For å få fortgang må vi vere der, seier Fylling.

Agenten ordnar visum

I byrjinga av januar demonstrerte sinte nigerianarar mot at styresmaktene ville doble bensinprisen. Hæren vart sett inn for å roe demonstrantane og nyleg gav president Goodluck Jonathan etter og kunngjorde at bensinprisane blir redusert.

Det er innført portforbod og stor uro i landet. No er agenten til Stéphane Diarra Badji i Nigeria for å møte personleg opp på ambassaden for å få fortgang.

– Eg ordna alt av invitasjonar og signaturar for å få dette til då vi fekk underskrifta hans, men visum er ein drøy prosess, seier Fylling.

– Han kjem

Fylling forsikrar at situasjonen med Badji er ein heilt annan enn med Mohamed Sesay i fjor.

Spelaren frå Sierra Leone brukte to ulike identitetar etter at han kom til Norge i 2008. Overgangen frå Raufoss til Sogndal gjekk difor i vasken.

– Vi hadde flybillett oppover til i dag, men det tvilar eg på vil gå. Han kjem, men vi veit ikkje heilt når, seier han og legg til at han kjenner til fleire norske klubbar som slit med å få visum til sine spelarar frå ambassaden i Nigeria.