Hopp til innhold

Bryggen i Bergen fekk sykkelveg – benkar, blomar og bosspann blei borte

Etter ny sykkelveg kom på Bryggen i Bergen, har blomar, boss og benkar måtte vike. Det gjer at nokre ikkje får kvile.

Sykkelvegen tok plassen til benkane.

SYKKELVEG: Då sykkelvegen kom blei det, bokstaveleg talt, rydda veg. Benkar, bosspann og blomekassar blei fjerna på Bryggen.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

– Me tenkte me skulle sitte på benkane her borte og kose oss. Sjå litt utover sjøen og prate litt. Men så ser eg at det er jo ikkje benkar her lenger. Så det er jo trist, seier Kjetil Vestfossen.

For, skulle ein sitte ved bryggekanten på Bryggen måtte ein gå langt. Eller heller sykle langt. Det er nemleg laga plass til sykkelveg.

Då den raude stripa var ferdig i oktober i fjor, var tida også ferdig for bryggekant-benkar.

Kjetil Vestfossen

– Det er greitt med sykkelveg, men det må no vere plass til benkar også, seier Kjetil Vestfossen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Eva Prestgård opplever at det er trongt om plassen på Bryggen. Ein som sykla forbi, meinte ho måtte flytte seg, fordi sykkelvegen berre var for syklande.

– Men, det var så vanskeleg å kome fram her borte, så me måtte diverre gå litt ut i den sykkelstien, og han fauk av garde. Han blei sint, seier Eva Prestegård.

Eva Prestegård

Eva Prestegård likte at det var mange benkar på Bryggen: – Du kunne sette deg ned og nyte utsikta. Sitte og sjå ned på båtar og slikt. Det var veldig greitt. Koseleg, seier ho.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Trongt om plassen

For å forklare kvifor benkar, boss og blomar er vanskeleg å få plass til, må ein forklare det enkelt. Det er nemleg fleire involverte partar.

  • Bergen kommune eig Bryggen.
  • Dei ytste tre metrane leiger kommunen ut til Bergen Havn.
  • Då Vestland fylkeskommune laga sykkelveg, tok dei nokre meter, og brått var det ikkje plass til verken benk, blomar eller boss.

Båtar og skip treng plass til landgang, av- og på-lasting og tidvise skipsdåpar.

Skipsdåp på Bryggen i mai 2024.

Skipsdåp på Bryggen i mai 2024. Delvis på sykkelvegen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK
Reiselivsdirektør Anders Nyland i Visit Bergen

Reiselivsdirektør Anders Nyland i Visit Bergen vil ha benkar.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Reiselivsdirektør Anders Nyland i Visit Bergen, meiner både benkar, bosspann og blomar trengst langs Bryggen.

Han håper på løysing.

– Dette trur eg er eit klassisk døme på at nokon har gløymt å snakke saman. Nemleg kommune, fylkeskommune og hamnestell, seier Nyland.

Bryggen i Bergen 16. mai. Fullt med folk i sola.

Det plar vere mange på Bryggen i Bergen når det er sol.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK
Gåande på Bryggen i Bergen

Dei som drar tunge lass på Bryggen, må gå langt for å kvile.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK
Bryggen i Bergen utan benkar

Plass til benk her? Nei, meiner nokre.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Står lagra på rekke og rad

Michal Forland er hamnedirektør i Bergen Havn. Før nasjonaldagen sa han at han håpa på at dei skulle finne ei løysing saman med kommune og fylkeskommune.

Michal Forland er hamnedirektør i Bergen Havn

Michal Forland i Bergen Havn på Bryggen. Ståande.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

– No er det ikkje forsvarleg med tanke på kai-aktivitetane våre med fortøying, landgangar, og syklistar som då skal, i teorien, fyke forbi på denne nye sykkelstien, å sette ut pottene eller benkane, sa Forland.

Alle benkane stod då lagra ein heilt annan stad i byen, nemleg på Møhlenpris.

Benkar på Møhlenpris

Benkane kviler på Møhlenpris.

Foto: NRK

Bosspanna stod også lagra.

Boss-spann på Møhlenpris

Bosspanna er på vent på Møhlenpris.

Foto: NRK

Lovar handling

Eivind Nævdal-Bolstad, finansbyråd i Bergen kommune fekk saka på bordet tysdag 14. mai. Han satsa på å få til eit handlingsmøte med Bergen Havn før 17. mai.

– Hamnesjefen og eg skal ha ei felles synfaring og sjå om det i alle fall er mogleg å setje ut nokre benkar som verken er til fare for syklistar, gåande eller båttrafikken som skal legge til hamn her, sa Bolstad.

Han ville ha benkar ut så fort som mogleg.

– Eg har allereie sendt bilete til hamnesjefen og sagt kor eg tenker at det kan vere mogleg å få ut dei benkane som bør på plass, seier han.

Byråd Eivind Nævdal-Bolstad på Bryggen. Han vil ha benkar.

Eivind Nævdal-Bolstad, finansbyråd i Bergen kommune for Høgre, meiner det er plass til benkar, og kallar saka eit byråkratisk troll.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Og han veit kor benkane er?

– Det veit han, og han er klar så lenge han får lov av kommunen og ikkje må krangle for lenge med fylket. Dette må me berre fikse, seier Nævdal-Bolstad.

Naudløysing?

Kort tid etter byråden blei intervjua, blei fire benkar sett fram igjen til nasjonaldagen. Som ei slags naudløysing.

På den eine plassen kan ein no kvile med ryggen mot sjøen, eller mot Bryggen.

Den andre staden med benkar er heilt, heilt ytst på Bryggen.

Dei andre benkane er framleis på vent.

Benk og boss-spann på Bryggen i Bergen.

Desse to benkane på Bryggen er sett opp rygg mot rygg. Den har to boss-spann til selskap.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK
Benk på Bryggen i Bergen

Eine benken står med ryggstøet mot sjøen. Den andre står med støet mot Bryggen.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK
Ein benk på Bryggen i Bergen

Heilt ytst på Bryggen kan du også sitte.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRk
Benkar på Bryggen

Her er nemleg også to benkar!

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK
Benken på Bryggen i Bergen i bruk.

Og desse er i bruk i sola.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Les også Riksantikvaren seier ja til bybane over Bryggen

Bryggen og Vågen foto

Les også Ny bybanerapport: – Antyder ikke at verdensarven er truet

"Mot Vågen", vinnarutkast arkitektkonkonkurranse Bergen