Hopp til innhold

Bekymra over forsømde kattar: – Det blir verre og verre

Dyrebeskyttelsen trudde dei hadde sett toppen. No slår dei alarm om talet på heimlause og forsømde kattar. – Mattilsynet gjer ikkje jobben sin, hevdar dei.

Søt katt fra Beate

HELDIG PUS: Denne katten får bu mellombels hos Beate Green, etter at ho blei henta inn frå ein kattekoloni.

Foto: Beate Green

Diaré, augebetennelse, øyremidd, mark i magen, svolt og bitande kulde.

Eit liv med lidingar i store kattekoloniar er kvardagen for mange heimlause og forsømde kattar i Noreg.

– Det er fullstendig kaos. Det blir berre verre og verre, seier leiar i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane, Beate Green.

På ein kort stund har dei tatt imot over 80 heimlause kattar.

Kattungen Mist var ein av dei.

Mist frisk
Katt med augebetennelse

MIST: Dette er katten Mist. Ho hadde augebetennelse, midd i øyra og makk i magen då ho fekk komme inn til Beate Green. Etter behandling har ho no komme seg betrakteleg.

Green trudde ho hadde sett toppen i 2020. Då meldte Dyrebeskyttelsen om rekordmange kjæledyr på avvege. Heile 89 prosent av dei heimlause dyra som fekk hjelp i 2020 var katter.

Avliving einaste utveg

No fryktar Dyrebeskyttelsen at 2021 kan bli enda verre for kattane.

– I Vestland og på Nord-Jæren er det spesielt problematisk, seiar dagleg leiar i Noreg, Åshild Roaldset.

Ho seier at ei blå væske ofte er den einaste hjelpa Mattilsynet kan tilby dyra.

Det betyr avliving.

– Det skjer heile tida at vi sender inn god dokumentasjon på dyreforsøming til Mattilsynet, og at dei ikkje gjer noko med det, seiar Green.

Beate Green

GLAD I KATTAR: Beate Green er leiar i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane, og er veldig glad i kattane ho tar vare på.

Foto: Beate Green

– Eit felles samfunnsansvar

Med over 12 000 bekymringsmeldingar i året, må det prioriterast strengt.

– For enkeltkattar som lir grunna alvorleg sjukdom og skade, er ofte avliving den beste hjelpa, dersom dei ikkje har ein kjent eigar som kan ta seg av dei, seier seksjonsleiar for dyrehelse i Mattilsynet, Torunn Knævelsrud.

Torunn Knævelsrud

SPRENGT KAPASITET: Torunn Knævelsrud fortel at Mattilsynet må føre ein streng prioritering når dei vel å reise ut på tilsyn.

Foto: Mattilsynet

– Koloniar med heimlause kattar er i utgangspunktet ikkje Mattilsynet sitt ansvar, seier seksjonsleiar for dyrehelse i Mattilsynet, Torunn Knævelsrud.

Dei meiner det er eit felles samfunnsansvar å sørge for å unngå uønskte kattungar, at alle kattar har et godt heim, og at heimlause katter blir tatt vare på eller avliva.

– Mattilsynet meiner nok i større grad enn dyrevernorganisasjonane at avliving kan vere den beste løysinga.

Vil ha obligatorisk ID-merking

I dag må eigar sjølv sørge for ID-merking og kastrering. Det kostar om lag 700 kroner.

– Den einaste måten at desse dyra får rettigheitene sine varetatt, er om dei blir sporbare. Vi må legge press på at alle kattar i Noreg skal få ID-merking, seiar Roaldset.

Åshild Roaldset

ETTERLYS BETRE DYREVELFERD: Åshild etterlys obligatorisk ID- merking for alle kattar i Noreg.

Foto: Anne K. Harkestad / Dyrebeskyttelsen

På den måten vil færre dumpe kjæledyra sine fordi myndigheitene kan spore dei opp att og straffe uansvarlege eigarar, meiner Dyrebeskyttelsen.

– Alternativet er at myndigheitene tar kostnadene. I fjor brukte vi over 26 millionar kronar på å hjelpe tusenvis av dyr i naud.

Venstre er eit av dei partia som vil innføre obligatorisk ID-merking av kattar. Dei var også med å innføre dyrepoliti, ei ordning som trer i kraft fleire stadar i landet i år.

– No handlar det om å få desse statlege organa til å fungere saman, seier 1. stortingskandidat for Sogn og Fjordane Venstre, Alfred Bjørlo.