Hopp til innhold

– Det er fortvilande å berre få utbetra fem prosent av vegnettet

Asfaltdekke på halva av fylkes- og riksvegnettet i landet blir skildra som dårleg eller svært dårleg. – Fortvilande, vedgår avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen Region Vest.

Video Dårleg vegdekke på norske hovudvegar.

SJÅ TV-SAK: Dårleg vegdekke på norske hovudvegar.

Slinde er avdelingsdirektør i Sogn og Fjordane, der ein femtedel av dei 708 kilometerane med riksvegar vert skildra som i dårleg eller svært dårleg stand.

Avdelingsdirektøren seier pengane dei rår med knapt nok held til å utbetre det dårlegaste vegdekket.

Nils Magne Slinde

FORTVILA: Nils Magne Slinde blir sjølv fortvila når han ser kor lite av vegvesenet får gjort med dei dårlege vegane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Her i fylket burde 180 kilometer hatt betre dekke. I år får vi lagt kring 30 kilometer, som utgjer kring fem prosent av vegnettet. Vi får utbetra det som er svært dårleg, men det som er dårleg får vi ikkje gjort noko med, seier Slinde.

Stort behov

På landsbasis har Statens vegvesen ansvaret for 10 522 kilometer med riksvegar. Fylkeskommunane, som 1. januar 2010 tok over delar av det dåverande riksvegnettet, sit med ansvaret for 38 013 kilometer fylkesvegar.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Asfaltdekke norske riksvegar

Riksveg

Hordaland

Sogn og Fjordane

Landsbasis

Lengde

756 km

708 km

10.522 km

Svært dårleg

8,4 prosent

5,4 prosent

7,1 prosent

Dårleg

23,7 prosent

20,3 prosent

22,0 prosent

Svært dårleg og dårleg

32,1 prosent

25,7 prosent

29,1 prosent

Her er forfallet langt større med over halvparten kategorisert som dårleg/svært dårleg.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Asfaltdekke norske fylkesvegar

 Fylkesveg

 Hordaland

 Sogn og Fjordane

 Norge

 Lengde

 2.467 km.

2.520 km.

38.013 km. 

 Svært dårleg

28,4 prosent 

24,5 prosent 

19,8 prosent 

 Dårleg

34,3 prosent 

38,3 prosent 

32,2 prosent 

 Svært dårleg og dårleg

62,7 prosent 

62,8 prosent 

52,0 prosent 

I samband med framlegget til Nasjonal transportplan vart samla forfall på dekke og vegfundament på riksvegane rekna til kring ti milliardar kroner.

– Vi håpar på midlar så det ikkje berre blir tynne lappeteppe som vi har måtte gjort til no på grunn av lite midlar. Vi ynskjer så pass med midlar at får teke att ein del berelag og gjort forsterkingsarbeid så vi aukaar levetida på dei nye asfaltdekka, seier Slinde.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Så dårleg er asfalten

Så dårleg er asfalten

Halva er dårleg

Reknar ein saman forfallet på fylkes- og riksvegnettet er 47 prosent av vegnettet i Norge rekna som svært dårleg eller dårleg.

Slinde seier tekniske målingar ligg til grunn for vurderinga.

– Over 18 millimeter djupne vert rekna som dårleg, medan djupare enn 25 millimeter er svært dårleg. I tillegg har du teleskadar, oppsprekking og slagholer som vi prøvar å fikse etter kvart, seier Slinde.

– Er blitt noko betre ...

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa vedgår at tilstanden på vegdekket er alt for dårleg.

Magnhild Meltveit Kleppa, samferdselsminister

BETRE: Magnhild Meltveit Kleppa er samd i at vegdekket er for dårleg, men viser til at det blir løyvd meir pengar til vedlikehald.

Foto: Odd Iversen / NRK

– Heldigvis vart tilstanden noko betre frå 2010 til 2011 då vi faktisk auka budsjettet for vegvedlikehald med 60 prosent. Også i år held vi eit høgt nivå budsjettmessig på vedlikehaldet, men det er ingen tvil om at vi i den komande NTP også skal ha auka søkelys på å ta vare på dei vegane har, seier ho.

– Folk har høyrt om auka budsjett dei siste åra, men ein merkar det ikkje så godt på vegane.

– Jaudå, eg trur folk merkar at det er skilt om vegarbeid og møter på asfaltmaskiner på sommaren, men det er ingen tvil om at det er store forsømmelsar. Det er mykje ugjort sjølv om det stadig skjer forbetringar, seier ho.

Mest synleg

Forfallet på riksvegnettet i Region Vest, som omfattar Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane vert rekna til kring ein halv milliard kroner.

I NTP har også vegstyresmaktene gjeve klar beskjed om at dei vil ha pengar til vedlikehald, framfor nye prosjekt.

– Dekket utgjer berre ein liten del av utfordringa, men det er den delen som er mest synleg og som trafikantane merkar mest. Med tunnelar, bru, kaier og andre element i vegen, så har vi eit forfall på kring ti milliardar, seier Slinde om situasjonen på landsbasis.

– Farten går ned

Om dårleg asfaltdekke irriterer bilistane og gjerne fører til auka slitasje på bilane, er det uvisst korleis det slår ut på trafikktryggleiken.

– Farten går ned ved litt dårleg vegdekke, og farten har stor betydning for trafikktryggleiken. Hovudutfordringa på ulukkessida er utforkøyringar, møteulukker og farten er hovudproblemet, seier Slinde.

– Men det er klart at vi kan ha enkeltulukker på vinteren sidan vedlikehaldet gjerne kan bli vanskelegare, så det kan ha negativ konsekvens, legg han til.

Fare for motorsyklistar

I tillegg til at dårleg dekke reduserer komforten til bilistane og aukar slitasjen på køyretya, kan svært dårleg asfaltdekke utgjere ein stor fare for motorsyklistane.

– Når våren kjem er det viktig å få vekk strøsanden, og å få fylt i langsgåande sprekker og slagholer slik at det ikkje skaper fare for motorsyklistar. Den reparasjonsjobben må vi berre ta. Om ikkje, så må vi skilte slik at trafikantane er klare over at det er ein ekstraordinær situasjon, seier Slinde.